Norsk som andrespråk 2103

Læringsutbytte

Dette emnet skal gje deg forståing og kunnskap om

  • komparativ grammatikk - kva kjenneteiknar det norske språket, og korleis det skil seg frå andre språk i verda
  • mellomspråksteori - kva kjenneteiknar språkinnlæringsprosessen for dei som lærer norsk som andrespråk

Emnet skal også gje deg kompetanse til å

  • formidle det faglege innhaldet munnleg og skriftleg
  • kunne skildre ulike grammatiske trekk ved norsk språk og ha eit komparativt perspektiv på det norske språket
  • kunne arbeide sjølvstendig med ei fagleg problemstilling
  • kunne analysere og gje relevant tilbakemelding på autentiske mellomspråkstekstar
  • ha respekt for andre språk og kulturar og dei ulike innlæringsproblema ein norskinnlærar kan støte på

Innhold

Emnet er sett saman av både teori og praksis. Teoridelen er ein gjennomgang av relevante fagtekstar om komparativ grammatikk, mellomspråksteori og språkdidaktikk. Praksisdelen vil bestå av både praktisk arbeid med mellomspråkstekstar og norskinnlærarar.

Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga består av førelesingar, førelesing på video, seminar med oppgåveløysing, studentinnlegg og –oppgåver og individuell rettleiing. I førelesingane og lydfilene vert tyngdepunkta i emnet gjennomgått og forklart, men i tillegg må studentane rekne med å måtte supplere med sjølvstendige lesing av pensum for å oppnå det læringsutbyttet som er nemnt ovanfor.

I tillegg til undervisninga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokviegrupper, og lærestaden vil leggje til rette for å organisere slike grupper.

Vurderingsformer

Undervegsvurdering: to arbeidskrav som blir vurdert til bestått/ikkje bestått.

Sluttvurdering: ei heimeopgåve på 3000 ord som tel 40 % av sluttkarakter og ein slutteksamen som tel 60 %. Begge blir vurdert med bokstavkarakter A – F der F er stryk og A er best. I vurderinga vil det bli lagt vekt på å prøve både dei teorietiske, dei analytiske og dei praktiske evnene til studenten.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 05.11.2015