Norsk 15FPNO

Læringsmål

Som student må du gjennom teori om språk, tekst og kultur tileigne deg kunnskap om og innsikt i:

-     korleis faget formidlar kulturen og kulturarven

-     barns eigen kultur

-     tekstforståing

-     ulike typar skjønnlitteratur og medietekstar for barn og om barn, og kunne vurdere kvalitet i slike tekstar

-     språkutviklinga til barn og korleis dei utviklar språket sitt i sosialt samspel med vaksne og andre barn

-     forholdet mellom talespråk og skriftspråk slik at du kan hjelpe til med å gi barn eit godt grunnlag for lese- og skriveopplæringa i skulen

-     korleis ein legg opp ei god skrive- og leseopplæring både teoretisk og metodisk

-     fleirspråklegheit, slik at du kan legge forholda til rette for ei god utvikling hos barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn

 

Gjennom det praktiske arbeidet med norskfaget i studiet og i praksisbarnehagen skal du som student få erfaring med:

·     korleis ein kan formidle tekstar på ein god måte

·     korleis du kan vere med å skape eit mangfaldig språkmiljø i barnehagen, mellom anna leggje til rette for at barn sjølve kan vere aktive både språkleg og kulturelt

·     å vere ein god forteljar og ein god lyttar i samarbeid med barn og vaksne

·     korleis du sjølv kan bli ein god språkbrukar, både når det gjeld munnleg formidling og i skriftleg framstilling i begge målformer

·     refleksjon og drøftingar om den rolla barnehagen har som kulturformidlar i samfunnet

 

 

I norskstudiet er innhaldet samla under tre hovudoverskrifter:

tekststudium, teoristudium og praktisk språkbruk.

 

Dei tre hovudemna heng nøye saman. Ein må ha det teoretiske grunnlaget for å kunne behandle tekstar på ein reflektert måte. Ferdigheiter og innsikt i praktisk språkbruk kjem som ei naturleg vidareføring av dei to første emna. I studiet som heilskap vil likevel tekst- og teoridelane framstå som dei viktigaste bolkane.

 

Tekststudium

I omgrepet "tekst" ligg det alle språklege ytringar, frå ein skjønnlitterær tekst til ei munnleg framføring, frå ein dagleg­dags samtale til bruk av bilete i moderne masseme­di­a. Likevel vil studiet av litteræ­re tekstar framstå som sen­tralt i denne delen av studiet. I tekstutvalet vil ulike teksttypar vere representert:

 

·      Eldre og nyare barnelitteratur

·      Eit utval vaksenlitteratur om barn og ungdom

·      Eit utval sakprosa for barn

·      Studium av tekstar frå den lokale, nasjonale og internasjonale tradisjonslitteraturen, barnetradisjonsstoff inkludert.

·      Studium av massemedium retta inn mot barn

·      Studium av skjermtekstar for barn

 

Teoristudium

Teoristudiet er ikkje eit mål i seg sjølv, men det skal gje kunnskapar og analysereiskapar som skal vere til hjelp i det daglege arbeidet med språk og tekstar. Delemne i teoristudiet er:

 

·      talemålsutvikling i førskulealder

·      skriftspråkstimulering og førebuande lese- og skriveopplæring

·      den fyrste lese- og skriveopplæringa

·      språk, leik og fantasi

·      litteraturteori, spesielt retta mot barnelitteratur

·      språk og tekstar som kulturytringar, også barnekulturelle

·      norsk som andrespråk

 

Praktisk språkbruk

Ein førskulelærar må tileigne seg kommunikativ kompetanse. Kontakt med barn, foreldre, medarbeidarar og ulike styringsinstansar vil vere viktig i det daglege arbeidet. Studentane skal gjennom studiet øve opp:

 

·      god skriftleg og munnleg bruk av språket i kommunikasjon innanfor og utanfor barnehage og skule

·      praktisk bruk av begge dei offisielle norske språkformene i skriftleg kommunikasjon

·      praktisk bruk av IKT

Innhold

I norskfaget i førskulelærarutdanninga står arbeidet med språk og tekst i sentrum. Språket og utviklinga av dette gir førskulebarnet grunnlag for evne til kommunikasjon, kunnskapstileigning og refleksjon. Språket er og viktig for oppleving av eigen identitet og for kjensla av å høyre til i eit kulturfellesskap.

 

Tekstdelen i studiet kastar lys over di rolle som profesjonell tekstformidlar, alt frå det å lese skjønnlitteratur for barn til det å gje praktiske meldingar til foreldre. Samstundes vil tekststudiet gje deg innsikt i barns tankeverd og førestillingar.

 

I dagens samfunn blir barn påverka av ulike medium rundt dei, og førskulelærarar må kjenne til kva dette har å seie for barns kultur og språk.

 

Som førskulelærar vil du kome i kontakt med barn med eit anna morsmål enn norsk. Emne knytt til fleirspråklegheit vil vere sentrale i studiet.

 

Gjennom studiet skal du arbeide med faget på ein måte som gjer deg skikka til arbeid med barn i barnehage og 1. klasse i grunnskulen.

Organisering

Det er viktig at du får utvikle gode arbeidsmåtar i studiet og samtidig får eit reflektert forhold til den pedagogiske prosessen du sjølv er ein del av.  Organiseringa av undervisninga kan til dels avgjerast i samarbeid mellom lærar og studentar. Dei arbeidsformene du vil møte i norskfaget er:

 

-         Individuelle oppgåver, både munnleg og skriftleg

-         Gruppeoppgåver

-         Førelesingar

-         Klassesamtalar

-         Sjølvstudium

-         Tverrfagleg arbeid og prosjektarbeid inngår i studiet

-         Ein del av norskfaget går inn i praksis. Faglærar har ansvar for den fagdidaktiske rettleiinga.

-         Nokre av oppgåvene vil rette seg inn mot samarbeidet med praksisbarnehagane

 

Det vil gå fram av semesterplanane kva for delar av arbeidet som er obligatorisk for studentane.

Vurderingsformer

Du vil møte vurdering både undervegs og til slutt i studiet. Vurderinga gjeld både munnleg framføring, prøving av basiskunnskapar i faget og ulike skriftlege arbeid.

 

I løpet av året skal alle studentar halde minst ei individuell munnleg framføring som vil bli vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

 

Gjennom heile studieåret skal ulike typar arbeid samlast i ei arbeidsmappe. Desse mappene skal dokumentere at ulike delmål er nådd, og at du har arbeidd med dei ulike faglege emna. Mellom anna skal ein leselogg av valfritt pensum inn i arbeidsmappa.Tekstar både på nynorsk og bokmål skal vere med i mappa. Semesterplanane vil presisere kva for typar arbeid dette vil vere.

 

Ei viss tid før studiet blir avslutta skal eit utval av arbeida i arbeidsmappa samlast i ei presentasjonsmappe som vil vere grunnlaget for evaluering med karakter. Du vel ut desse tekstane ut frå visse kriterium gitt av faglærar. Saman med tekstane dine skal du leggje ved eit refleksjonsnotat der du gjer greie for tekstarbeidet og det utvalet du har gjort.

 

I tillegg til presentasjonsmappa vil det vere ei skriftleg prøve på 4 timar som skal omfatte dei sentrale kunnskapsmåla i faget. I den endelege karakteren vil mappa telje 60% og sluttprøva 40%.

 

Studentane får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Ein viser dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 15.08.2005