Norsk 30NORSK
Læringsmål
Mål og målområde – seks hovudemne
Elevteksten
Du vil møte mange typar elevtekstar i studiet, f eks dei fyrste tekstskapingsforsøka av ein 2. klassing, ei fantasyforteljing av ein 6. klassing, eit naturdikt av ein 4. klassing og ein resonnerande saktekst av ein 10. klassing. For å kunne forstå desse tekstane og vera i stand til å vurdere dei må du både ha eit språk- og sjangerteoretisk grunnlag og øve deg i å analysere og vurdere tekstar gjennom heile studiet.
Tekstar skrivne av elevar med minoritetsbakgrunn krev, i tillegg til vanleg språkteori, også kjennskap til språktypologi og det komparative språkperspektivet.
Mål:
- utvikling av ein språkteoretisk basis for å kunne vurdere alle typar elevtekstar
- bli i stand til å sjå samanhengen mellom ei fagleg og ei fagpedagogisk vurdering av elevtekstar
- bli i stand til å følgje ei utvikling av skriveferdigheiter hjå eleven med utgangspunkt i tekstar skrivne på ulike alderssteg
- gjennom tekstskaping inspirere og rettleie barn og ungdom til å utvikle dei skapande evnene sine
- kunne vurdere bruken av barns skriving i ulike tverrfaglege og temabaserte emne
Munnleg bruk av språket
I lærargjerninga er det munnlege språket den viktigaste reiskapen din, og medvit om dette er viktig i norskfaget. Dette medvitet kviler på kjennskapen til forskjellen mellom tale og skrift, kjennskap til ulike munnlege kommunikasjonssituasjonar og kjennskap til og øving i sentrale munnlege sjangrar, som f eks forteljinga og føredraget. Studiet legg også vekt på vurdering av den munnlege aktiviteten i klasserommet.
Eit anna berande element i dette emnet er medvit om og kjennskap til språklege variasjonar, av geografisk eller sosial karakter. For å kunne leggje til rette for ei god begynnaropplæring i lesing og skriving må du kjenne til viktige trekk i barns språkutvikling i førskolealder.
Det munnlege språket er ikkje berre tekniske ferdigheiter. Det levande ordet kan fungere overtydande og overtalande, som ei estetisk oppleving og som eit middel for erkjenning. Derfor er kjennskap til elementær retorikk viktig, og den gode klassesamtalen er ein sentral munnleg sjanger for læring og ny kunnskap som du får høve til å prøve ut i praksis.
Mål
- tileigning av kunnskap og innsikt om særtrekk ved det munnlege språket
- utvikling av eit medvit om korleis det munnlege språket kan brukast i undervisninga på ein føremålsteneleg måte
- meistring av munnlege sjangrar, som f eks forteljinga eller føredraget
Skjønnlitterære sjangrar
Innsikt i og forståing av det litterære språket er det viktigaste utgangspunktet for ei god litteraturundervisning. Du skal lesa eit utval av både eldre og nyare tekstar, vaksenlitteratur og barne- og ungdomslitteratur, ulike sjangrar som t.d. biletbok, dikt, novelle, roman. Det er særleg i arbeidet med skjønnlitteraturen den estetiske dimensjonen i norskfaget kjem til uttrykk, men ein vil også legge vekt på andre aspekt ved litteraturlesinga, som det etiske, det didaktiske og det historiske. I tillegg vil ein fokusere både på tekstens historiske forankring og det tidlause ved god skjønnlitteratur.
Basis for litteraturlesinga er litteraturteoretiske omgrep som ein må kunne bruke på dei tekstane ein les. Samstundes må ein vere open for ulike former for skapande tekstarbeid, og då også fleirfagleg og tverrfagleg arbeid med til dømes drama, musikk og ulike former for bilettekstar. I dette arbeidet er det viktig både å fokusere på likskapar og ulikskapar mellom dei kunstnarlege uttrykka, og i tilnærmingsmåtane til dei.
Den litterære samtalen er ein viktig didaktisk sjanger i samband med lesing av litteratur, og i studiet vil du få høve til å prøve ut denne samtaleforma i klasserommet. Dessutan vil du lære om korleis skjønnlitteraturen kan brukast i tilpassa opplæring.
Det fleirkulturelle samfunnet gjev litteraturlesinga ein ny dimensjon, og ein del av tekstutvalet må vera frå ikkje-nordiske kulturar - tekstar ein gjerne kan lesa i eit komparativt perspektiv.
Det mytiske tradisjonsstoffet kjem også inn under dette emnet. Folkeeventyrsjangeren, uttrykt i ulike kulturar, er sentral, i tillegg til anna mytisk og mytologisk stoff, blant anna frå det samiske området. Dei sama innfallsvinklane som gjeld for skjønnlitteraturen vil også vera aktuelle for desse tekstane.
Tekstutvalet vil ta omsyn til jamstelling mellom målformene, og likestillinga mellom kjønna.
Mål
- å kunne sjå eigenarten ved det skjønnlitterære språket
- utvikling av kunnskap og medvit om korleis den litterære teksten er eit produkt av historie og samtid, og at den er knytt til andre estetiske uttrykksformer som t.d. biletet og musikken
- å sjå samanhengen mellom mytisk stoff og skjønnlitterære tekstar
- utvikling av medvit og kunnskap om funksjonen og plassen til skjønnlitteratur og mytisk og anna tradisjonsstoff i ein undervisningssamanheng
Sakprosa
Medan skjønnlitteratur er den eine, er sakprosaen den andre hovudkategorien ein kan dele inn alle tekstar i. I studiet vil du møte sakprosaen på ulike måtar. Du vil lesa og lære om det kunstferdige essayet som ligg i grenselandet mellom skjønnlitteratur og sakprosa, du skal få kunnskap om digitale tekstar og lære om korleis nye medium skaper nye sjangrar, blant anna den munnleg/skriftlege sjangeren nettsamtalen og tekstmeldinga.
Grunnleggande kjennskap til hyperteksten som tekstform er viktig, i tillegg til fagdidaktisk innsikt i tradisjonelle sakprosasjangrar som t.d. lesarinnlegget, artikkelen og reklameteksten.
Vurdering av læremiddel, digitale og andre, er ein viktig del av dette emnet sidan nye undervisningsformer i grunnskulen skaper nye behov for nye læremiddel.
Mål
- innsikt i sakprosa som teksttype, inkludert den digitale teksten
- å kunne gjera greie for og drøfte sjangervariasjon
- å vera i stand til å vurdere ulike typar læremiddel
- å kunne legge til rette for bruk av sakprosa i undervisninga
Lese- og skriveopplæring, lese- og skriveutvikling
For alle er lese- og skriveferdigheitene i konstant endring. Derfor gjeld dette emnet like mykje di eiga lesing og skriving som elevens.
Den førebuande og grunnleggjande skrive- og leseopplæringa gjer oss til tenkande, skrivande og lesande menneske. Du vil få kjennskap til språkstimulerande tiltak på førskule- og småskulenivå, blant anna ved bruk av skjønnlitteratur. Du må kjenne til dei ulike teoriane omkring den fyrste lese- og skriveopplæringa og kunne vurdere metodar og læremiddel, bl a IKT, på basis av den kunnskapen du har tileigna deg.
Når det gjeld di eiga skriving, er det viktig at du i løpet av studiet både skriv deg inn i ein akademisk og sakprega måte å skrive på, og at du prøver deg i andre sjangrar, også skjønnlitterære. Du må likeins prøve ut dei nye digitale tekstformene. Eit viktig mål for desse aktivitetane er at du ser samanhengen mellom skriving og læring og får innsikt i språket som personleg, estetisk uttrykk. I tillegg skal dei gjere deg betre i stand til å undervise andre i skriving, og då også kunne leggje til rette for kreativt språkarbeid, både i grunnskolen og i musikk- og kulturskolen.
Du må ha kjennskap til den prosessorienterte skriveopplæringa, der ein bør rette spesiell merksemd omkring respons. Dette må du prøve ut saman med medstudentar og saman med elevane i praksis.
Du vil få kjennskap til andre former for skriveopplæring som t d sjangerskriving, kreativ skriving, opplæring i sidemålet, bruk av IKT.
Kjennskap til barns lesevanar og evne til å lesa ulike tekstar er viktig. Dette gjeld ikkje berre den grunnleggande leseopplæringa. Leseutviklinga er ein evigvarande prosess og gjeld sjølvsagt alle elevgrupper i grunnskulen.
Kunnskapar om skriveutviklinga til eleven er viktig. Dette betyr at ein må kunne sjå ulike elevtekstar i samanheng for på det viset sjå ei utvikling. Eit teoretisk fundament for å kunne sjå ei skriveutvikling er ikkje minst viktig på barnetrinnet der dei ulike nivå i elevteksten ofte ligg meir skjult enn hjå eldre elevar.
Du vil og lære om korleis ein kan oppdage og førebygge lese- og skrivevanskar.
Lese- og skriveopplæringa hjå elevar med minoritetsbakgrunn krev spesiell merksemd og innsikt i språktypologiske spørsmål, og dette vil bli tatt opp i studiet.
Mål
- å vera i stand til å vurdere metodar i den fyrste lese- og skriveopplæring bygd på teoretisk innsikt
- å få kjennskap til ulike språkstimulerande tiltak på alle alderssteg
- å få kjennskap til ulike former for skriveopplæring og vera i stand til å vurdere ulike arbeidsmåtar
- å få innsikt i teoriar omkring lesing og leseutvikling på alle alderssteg, og å vurdere ulike stadium av leseferdigheiter hjå elver du møter i praksis.
- å utvikle dine eigne skriveferdigheiter og ditt sjangermedvit og vera i stand til å sjå samanhengen mellom skriving og læring
Norskundervisning
Som norsklærar går du inn i ein lang og ærerik tradisjon. Du bør kjenne til ein del av denne tradisjonen for å bygge på det beste av det gamle i møtet med ei ny tid. Faghistoria skal slik gjere deg betre i stand til å reflektere over norskfaget – som identitetsfag, danningsfag, estetisk fag, kulturfag og reiskapsfag. Det er i vår samanheng særleg viktig å ha auge for den estetiske dimensjon i faget – i sjølve språket og i den einskilde språkhandlinga, anten det er i tekstar produserte av andre eller i eigenproduserte tekstar i ulike sjangrar.
Bruk av IKT er med å endre norskfaget. Den grunnleggande oppfatninga av kva ein tekst er for noko er ikkje lenger eintydig. Nye tekstformer og nye medium stiller nye krav til fagdidaktisk medvit. Spesielt vil bruk av Internett krevje grundig og omfattande kjeldekritikk av lærar og elev. Gjennom studiet vil det bli fokusert på dette.
I vår fleirkulturelle tidsalder må norskfaget finne seg sjølv på nytt. Det er vesentleg at ein gjennom studiet, og seinare, heile tida reflekterer over norskfaget sin plass i ei tid der det ikkje berre er morsmålet norsk ein kan høyre i det multikulturelle mangfaldet.
Mål
- å få kjennskap til korte trekk av faghistoria
- å leggje til rette for fagdidaktisk refleksjon
- å vera i stand til å vurdere det norskfaglege utbytet av tverrfaglege arbeidsmåtar
- å ha eit kritisk forhold til kjelder i arbeid med norskfaglege emne
- å kunne sjå arbeidet som norsklærar i eit større fleirkulturelt perspektiv
Innhold
Norskfaget i faglærarutdanninga i praktiske og estetiske fag spenner vidt når det gjeld innhald og arbeidsmåtar. Du kjem til å lesa teori og skjønnlitteratur, skrive og arbeide saman med andre om undervisningsopplegg. Du vil også få prøve ut norskfaglege undervisningsopplegg i praksis og du vil få tradisjonell undervisning og rettleiing.
Den fagdidaktiske tenkinga og praksisen har fagkunnskapar som basis. Ved å ha gode fagkunnskapar vil du kunne planlegge undervisninga på ein god og føremålsteneleg måte. Du vil kunne tilpassa undervisninga den enkelte eleven og, ikkje minst vil du kunne bli trygg på deg sjølv i lærarrolla.
Norskfaget tek utgangspunkt i estetisk oppleving og praktisk handling. Faget skal få oss til å sjå oss sjølve i ein større fleirkulturell samanheng. Men norskfaget er også eit handverk - du vil lære å meistre det norske språket med sine to målformer og utvikle eit språk om språket. Språket manifesterer seg gjennom teksten, og teksten som storleik vil vera det objektet som både det teoretiske og praktiske studiet samlar seg om.
Dei overordna måla med studiet er å utvikle teoretiske kunnskapar om ulike tekstar og sjangrar og prøve dei ut i skapande språkarbeid. Du vil få kunnskap om korleis lese- og skriveutviklinga til elevane artar seg, og lære å skape gode undervisningssituasjonar der denne kunnskapen og innsikta blir omsett i praktisk undervisningsarbeid, både av fagleg og temabasert karakter. Dei overordna måla blir konkretiserte i den vidare omtalen av ulike emne.
Desse punkta er å rekne som basiskunnskapar som alle hovudemna i studiet bygger på
- litteratur- og sjangerteori
- ferdigheiter i å meistre bokmål og nynorsk i skrift, på eit nivå som minst svarar til studiekompetanse
- kunnskapar i grammatikk og tekstlingvistikk
Organisering
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, individuell rettleiing, skrivekurs, bruk av Classfronter osv. Til dei nye arbeidsformene som både set deg og faget på nye prøver og gjev nye moglegheiter, er fleirfagleg temabasert og tverrfagleg arbeid. I studiet skal du få erfaring med fleirfagleg, temabasert undervisning, der eitt viktig mål er å kunne vurdere det norskfaglege utbyttet. Denne undervisningsforma kjem du også til å møte i praksis.
Tverrfaglege arbeidsformer vil i Norsk 1 knyttast opp mot den fellesfaglege profesjonskunnskapen, slik den framgår av kapittel 3.1. i fagplanen for PEF.I det tverrfaglege samarbeidet med dei andre faga som inngår i emnebolken profesjonskunnskap, vil ein både kunne reflektere over kva faga har felles og kva som er særeige for dei.Innafor denne tverrfaglege bolken, vil norskfaget delta i kvar av dei tre hovudområda for profesjonskunnskap.
Estetisk teori og didaktikk for den estetiske dimensjonen
Dette er både norskfagleg og fagoverskridende teoretisk lærestoff, som dels blir gitt som fellesforelesninger i tekst- og språkteori, og dels som didaktisk refleksjon i seminarer og prosjekt/ emne-arbeid. I studiet av estetisk teori vil studentane blant anna måtte arbeide fram ein tverrfagleg didaktikk for den estetiske dimensjonen.
Fleirfaglige og tverrfaglege arbeid
Første studieår vil norskfaget delta i tverrfaglege arbeider som ”Teaterproduksjon” og ”Mytologisk emne”. Det andre studieåret vil norsk vere leiande i ein tverrfagleg tilnærming til emnet ”Grunnleggende lese- og skriveopplæring” (GLS). Norskfaget vil dessutan bidra til eit tverrfagleg ”Interart”-prosjekt. I tilegg vil norskfaget ta opp aspektar ved emnet ”Ungdomskultur”, som er eit tverrgåande studium dei tre første åra.
Grunnleggjande lese- og skriveopplæring (GLS)
Norskfaget har eit særlig ansvar for den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa. Lesing og skriving på estetisk grunn, vert her eit stikkord.
Nærmare presiseringar når det gjeld gjennomføringa av semestera blir gitt i semesterplanen (t. d. fristar, organisering, obligatorisk frammøte ). Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald og den praktiske gjennomføringa av semesteret. Studiet går over to år, og arbeidsmengda er fordelt likt på kvart år og på kvart semester. Norsk 1 er kvantifisert til 30 studiepoeng.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering. Sluttvurderinga kjem til uttrykk i form av ein endeleg karakter gitt på ei skriftleg prøve etter første året og ei presentasjonsmappe etter andre året. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få i form av veiledning og tilbakemeldingar på muntlege og skriftlege arbeider.
a) Obligatoriske portar
Norskfaget har ei rekkje portar som du må passere for å kunne melde deg til eksamen og få ei sluttvurdering. Desse ”portane” består i ulike prøver og/eller muntlege og skriftlege arbeider, som vert vurdert til bestått/ikkje bestått
Første studieåret:
Obligatorisk skrivedag. På slutten av 1. semester blir det arrangert ein obligatorisk skrivedag. Det du presterer denne dagen blir vurdert til bestått/ ikkje bestått.
Fleirfaglege/ tverrfaglege arbeider: Ein teaterproduksjon vil gjennomførast det eine semesteret, eit tverrfagleg ”mytologisk emne” det andre. Båe dei tverrfaglege arbeida vert vurdert til bestått/ ikkje bestått.
Godkjenning av arbeidsmappe etter første året. Dei tekstane du skriv i løpet av det første året av norskstudiet, samlar du i ei arbeidsmappe som må godkjennast, før du kan gå opp til den skriftlege prøva i slutten av andre semester.I denne mappa skal det også leggjast ved ein leselogg over det valfrie pensumet i litteratur.
Ei skriftleg prøve i slutten av andre semester. Målet med denne prøva er å måle dei norskfaglege kunnskapane og ferdigheitene dine som du har tileigna deg i første studieåret. Prøva vil bli organisert som ein vanleg eksamensdag på 6 timar. Denne prøva tel 40 % av samla sluttkarakter.
Andre studieåret:
Fleirfaglege/ tverrfaglege arbeider: Studentane vil få undervisning i grunnleggjande lese- og skriveopplæring (GLS) det andre året av studiet. Det andre studieåret vil ein og få ta del i eit ”Interart”-prosjekt. Arbeidsprodukta av båe desse emna vil vurdererast til bestått/ ikkje bestått.
Estetisk teori og didaktikk for den estetiske dimensjonen. Dette fellesfaglege emneområdet består av eit tverrgåande studium dei to fyrste åra av studiet, og norsk deltek kvart av åra. Gjennomført studium vert vurdert til bestått/ ikkje bestått.
Mappevurdering
Den godkjente arbeidsmappa skal danne grunnlaget for den endelege mappa, presentasjonsmappa, sett saman ut frå gitte kriterium og med ein gitt tidsfrist. Presentasjonsmappa vil difor vere eit utval av tekstar frå arbeidsmappa. Saman med tekstane dine skal det leggjast ved eit refleksjonsnotat, der du blant anna skal gjere greie for sjølve arbeidet med tekstane, og og gje ei vurdering av di eiga skriveutvikling.
Når du byrjar norskstudiet, vil du få utdelt nærmare retningsliner for mappeskriving, der det vil stå bl.a. kva som er obligatorisk, kva for fristar som gjeld, kva slags sjangrar du skal skrive i osv. Ca. 2/3 av teksttilfanget skal vera på den målforma du ikkje nyttar på sluttprøva.
b) Sluttvurdering
Sluttvurderinga bygger på to former for dokumentasjon, ei presentasjonsmappe og ei sluttprøve (etter fyrste året). I sluttvurderinga tel presentasjonsmappa 60 % og sluttprøva 40 % av samla karakter, og denne karakteren gjev samla 30 studiepoeng. Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til E, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått. Sjå elles føreskrifter om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no> - 27.04.2005