Norsk samfunnskunnskap for utanlandske studentar 2205

Læringsmål

Undervisninga i norsk samfunnskunnskap skal gje studentane den allmenne orienteringa dei treng når dei skal gå i gang med sine fagstudium. Ho skal også gje dei eit innblikk i korleis det norske samfunnet er bygt opp, og korleis nordmenn lever.

 

 

Innhold

Innhold:

Det blir lagt særleg vekt på å orientere om følgjande tema frå norsk samfunnsliv:
·        styringsform
·        utdanningssystem
·        næringsliv
·        trygdesystem og sosial omsorg
·        språksituasjon
·        religion
·        likestillingsspørsmål
·        innvandring og utvandring
·        samarbeid med utviklingsland

Organisering

 

Undervisninga i samfunnskunnskap har utgangspunkt i tekstlesing, og blir så vidt mogleg samordna med undervisninga i norsk språk.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på 4 timar med oppgåver i samfunnskunnskap som tel 25% av samla karakter i årsstudiet.
Ved vurderinga av eksamensprøvene blir det brukt karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og E er dårlegaste ståkarakter.

Det blir gitt ein samla karakter for fullført årsstudium, og alle fire hovudemna må vere bestått.

 

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 23.09.2005