Norsk 15FPNO

Læringsmål

Som student skal du gjennom teori om språk, tekst og kultur tileigne deg kunnskap om og innsikt i:

- korleis faget formidlar kulturen og kulturarven

- barns eigen kultur

- tekstforståing, med fokus på eit utvida tekstomgrep, der tekst kan vere sett saman av skrift, lyd og bilete i eit samla uttrykk

- ulike typar skjønnlitteratur og medietekstar for barn og om barn, og kunne vurdere kvalitet i slike tekstar

- språkutviklinga til barn, og korleis dei utviklar språket sitt i sosialt samspel med vaksne og andre barn

- forholdet mellom talespråk og skriftspråk, slik at du kan hjelpe til med å gi barn eit godt grunnlag for lese- og skriveopplæringa i skulen

- korleis du kan medverke til å skape eit godt skriftspråksstimulerande miljø i barnehagen

- korleis ein legg opp ei god skrive- og leseopplæring både teoretisk og metodisk

- fleirspråklegheit, slik at du kan legge forholda til rette for ei god utvikling hos barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn

Gjennom det praktiske arbeidet med norskfaget i studiet og i praksisbarnehagen skal du som student få erfaring med:

· korleis ein kan formidle tekstar på ein god måte

· korleis du kan vere med å skape eit mangfaldig språkmiljø i barnehagen, mellom anna leggje til rette for at barn sjølve kan vere aktive både språkleg og kulturelt

· å vere ein god forteljar og ein god lyttar i samarbeid med barn og vaksne

· korleis du sjølv kan bli ein god språkbrukar, både når det gjeld munnleg formidling og i skriftleg framstilling i begge målformer

· refleksjon og drøftingar om den rolla barnehagen har som kulturformidlar i samfunnet

Innhold

I norskfaget i førskulelærarutdanninga står arbeidet med språk og tekst i sentrum. Språket og utviklinga av dette gir førskulebarnet grunnlag for evne til kommunikasjon, kunnskapstileigning og refleksjon. Språket er og viktig for oppleving av eigen identitet og for kjensla av å høyre til i eit kulturfellesskap.

Tekstdelen i studiet kastar lys over den rolla du har som profesjonell tekstformidlar – alt frå det å lese skjønnlitteratur for barn til det å gje praktiske meldingar til foreldre. Samstundes vil tekststudiet gje deg innsikt i barns tankeverd og førestillingar.

I vårt informasjonssamfunn blir barn påverka av ulike medium, og førskulelærarar må kjenne til kva dette har å seie for barns kultur og språk.

Som førskulelærar vil du kome i kontakt med barn med eit anna morsmål enn norsk. Emne knytt til fleirspråklegheit vil vere sentrale i studiet.

Gjennom studiet skal du arbeide med faget på ein måte som gjer deg skikka til arbeid med barn i barnehage og 1. klasse i grunnskulen.

I norskstudiet er innhaldet samla under tre hovudoverskrifter: Tekststudium, teoristudium og praktisk språkbruk

Dei tre hovudemna heng nøye saman. Ein må ha det teoretiske grunnlaget for å kunne behandle tekstar på ein reflektert måte. Ferdigheiter og innsikt i praktisk språkbruk kjem som ei naturleg vidareføring av dei to første emna. I studiet som heilskap vil likevel tekst- og teoridelane framstå som dei viktigaste bolkane.

Tekststudium

I omgrepet "tekst" ligg det alle språklege ytringar, frå ein skjønnlitterær tekst til ei munnleg framføring, frå ein daglegdags samtale til bruk av bilete i moderne massemedia. Likevel vil studiet av litterære tekstar framstå som sentralt i denne delen av studiet. I tekstutvalet vil ulike teksttypar vere representative:

-Eldre og nyare barnelitteratur

-Eit utval biletbøker for barn

-Eit utval vaksenlitteratur om barn og ungdom

-Eit utval sakprosatekstar for barn

-Studium av tekstar frå den lokale, nasjonale og internasjonale tradisjonslitteraturen, barnetradisjonsstoff inkludert.

-Studium av tekstar retta inn mot dei minste barna i barnehagen

-Studium av massemedium retta inn mot barn

-Studium av skjermtekstar for barn

Teoristudium

Teoristudiet er ikkje eit mål i seg sjølv, men det skal gje kunnskapar og analysereiskapar som skal vere til hjelp i det daglege arbeidet med språk og tekstar. Delemne i teoristudiet er:

-talemålsutvikling i førskulealder

-skriftspråksstimulering og førebuande lese- og skriveopplæring

-den fyrste lese- og skriveopplæringa

-språk, leik og fantasi

-litteraturteori, spesielt retta mot barnelitteratur

-språk og tekstar som kulturytringar, også barnekulturelle

-norsk som andrespråk

-forteljing og formidling

Praktisk språkbruk

Ein førskulelærar må tileigne seg kommunikativ kompetanse. Kontakt med barn, foreldre, medarbeidarar og ulike styringsinstansar vil vere viktig i det daglege arbeidet. Studentane skal gjennom studiet øve opp:

-god skriftleg og munnleg bruk av språket i kommunikasjon innanfor og utanfor barnehage og skule

-praktisk bruk av begge dei offisielle norske språkformene i skriftleg kommunikasjon

-praktisk bruk av IKT

Organisering

Organiseringa av undervisninga kan til dels avgjerast i samarbeid mellom lærar og studentar. Dei arbeidsformene du vil møte i norskfaget er:

- Individuelle oppgåver, både munnlege og skriftlege

- Gruppeoppgåver

- Førelesingar

- Klassesamtalar

- Sjølvstudium

- Tverrfagleg arbeid og prosjektarbeid inngår i studiet

- Ein del av norskfaget går inn i praksis. Faglærar har ansvar for den fagdidaktiske rettleiinga.

- Nokre av oppgåvene vil rette seg inn mot samarbeidet med praksisbarnehagane.

Det vil gå fram av semesterplanane kva for delar av arbeidet som er obligatoriske for studentane.

Vurderingsformer

Du vil møte vurdering både undervegs og til slutt i studiet. Vurderinga gjeld både munnleg framføring, prøving av basiskunnskapar i faget og ulike skriftlege arbeid.

Undervegsvurdering. I løpet av året skal alle studentar halde minst ei individuell munnleg framføring, som vil bli vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Det blir arrangert ein obligatorisk skrivedag i løpet av studiet.

Gjennom studieåret skal alle studentar skrive minst to tekstar, som vil bli vurderte til godkjent/ikkje godkjent.

Sluttvurdering. Sluttvurderinga i 2. semester omfattar ei munnleg prøve og ei individuell, skriftleg prøve, som begge skal omfatte dei sentrale kunnskapsmåla i faget.

Studiet opnar for at den skriftlege prøva kan vere nettbasert.

I den endelege karakteren vil den munnlege prøva telje 60% og den skriftlege 40%. Karakterane er graderte frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.

Sjå elles føreskrifter om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Veslemøy Solberg <veslesolSPAMFILTER@nordicae.com>,Elisabeth Hovde Johannesen <Elisabeth.H.JohannesenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Liang Xiaoli - 19.03.2007