Logistikk 5206

Læringsmål

Emnet skal gi studentane kunnskapar til å møte dei utfordringane verksemdene møter frå kundane når det gjeld krav til å få levert rett produkt til rett tid, på rett stad og til rett pris. Å utvikle gode logistikkløysingar ser ut til å bli viktigare og viktigare i ei tid med stor internasjonal konkurranse. Fokus både på kostnader og gode løysingar for kundane gjør at alle verksemder må ha gode kunnskapar innan området logistikk. Gjennom systemtankegang/-teori og ved å ta utgangspunkt i ein verdikjede tek ein vare på heilskapssynet som er viktig for å finne optimale logistikkløysingar.

Innhold

Emnet skal gi studentane et innblikk i korleis logistikksystem er bygd opp. Sentrale omgrep er logistisk kvalitet, leveringsservice og analyse av kostnader. Distribusjonsdelen av logistikksystemet vil bli omtalt særskilt, men også det interne perspektivet vil være viktig i dette kurset. Logistikk som ein reiskap i konkurransen med andre verksemder vil bli handsama på slutten av kurset.

Det er viktig å få fram at sjølv om det er mange teknikkar ein kan og må bruke for å finne gode løysingar, er det logistikk som eit leiaransvar som er hovudtanken bak forelesingane og arbeidet elles i kurset.

Organisering

3-4 timar forelesing i veka i haustsemesteret.

Vurderingsformer

Mappevaluering. Mappa er sett saman av ei obligatorisk innlevering (gruppe) og ei skriftleg individuell sluttprøve, 2 timar. Gruppeoppgåva tel 40 % av totalkarakteren for emnet. Gruppa skal normalt ha 2 -3 studentar, men det er høve til individuell levering etter særskilt vurdering.  Sluttprøva tel 60 % av totalkarakteren for emnet. Alle delprøver må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Webmaster HiT - 31.10.2006