Matematikk for økologar 4100
Læringsmål
Etter fullført emne skal studentane kunne bruke matematikken som reiskap i ein del tema på natur-, helse- og miljøvernstudiet. Dei skal og ha innsikt i at matematikk kan brukast til å løyse andre aktuelle problem.
Innhold
Framstillinga av stoffet er i stor grad prega av konkrete eksempel frå biologi og økonomi. Studiet startar med grunnleggjande matematikk.
Sentrale tema i forelesingane er:
- Rekning med måleeiningar
- Grunnleggjande sannsynsrekning
- Funksjonar med ein variabel med kurvedrøfting
- Logaritmefunksjonar og eksponentialfunksjonar
- Derivasjon
- Integrasjon
- Funksjonar med to variable
- Enkel trigonometri
- Enkle differensiallikningar
- Prosentvis vekst og geometriske rekker
Organisering
72 timar forelesingar
Obligatorisk: 28 timar kollokvium
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på to delprøver med mappevurdering: ei midtprøve (1 time) tel 20% og ei sluttprøve (5 timar) tel 80 % av endeleg eksamenskarakter. Begge delprøvene må vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 23.01.2007