Generell kjemi 4101
Læringsmål
Etter fullføring skal studentane kunne vurdere problem av generell kjemisk natur. Vidare skal dei kunne gjennomføre enklare kjemiske utrekningar og laboratorieanalysar. Emnet skal gi grunnlag for å forstå mange av dei kjemiske prosessane som skjer ute i naturen.
Innhold
Følgjande tema blir gjennomgått:
- Støkiometri, gassar og kjemiske likevektar
- Atomstruktur, kjemiske bindingar og intermolekylære krefter
- Lewis-notasjon og VSEPR-teori
- Syrer og basar, bufferar, titrering og løysingsevne
- Termokjemi
- Elektrokjemi
- Fasediagram, løysingar og kolligative eigenskapar
- Reaksjonsfart.
Laboratoriekurset inneheld øvingar av generell kjemisk karakter og analysar av stoff frå naturen og dagleglivet.
Organisering
55 timar forelesingar, 20 timar rekneøvingar.
Obligatorisk: 27 timar laboratorieøvingar og 22 timar kollokvium.
Oppgåvene til kollokvia vil bli gitt ut før alt stoffet som oppgåvene dekker, er forelese. Dette vil gjere at studentane må sette seg inn i stoffet før forelesingane blir haldne. Forelesingane vil dermed bli ein slags repetisjon.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på to delprøver med mappevurdering. Ei midtprøve (3 timar) tel 40 % og ei sluttprøve (4 timar) tel 60 % av endeleg eksamenskarakter. Ikkje gyldig fråver på ei av delprøvene gir karakteren F på denne. Denne delkarakteren blir slått saman med den andre delkarakteren.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 23.01.2007