Vannforsyning, avløp og avfall 4256
Læringsmål
Emnet gir studentane kompetanse i å handtere tekniske tilhøve innanfor vassforsyning, rensing av avlaupsvatn og handtering av avfall. Dei skal kjenne drikkevassforskriftene, kunne om handsaming av drikkevatn, og lage tryggingssoner for drikkevassforsyningar. Dei skal kunne om rensing av avlaupsvatn og dimensjonering og utforming av renseanlegg, både tradisjonelle tekniske og naturbaserte anlegg. Dei skal kunne handtere avfall med kjeldesortering og deponi. Dei skal kunne handtere grunnforureining frå gamle deponi.
Innhold
Sentrale tema er:
- Drikkevassforskriftene
- Handsaming av drikkevatn
- Drikkevassanlegg
- Sikring av vasskjelder
- Mekanisk-, kjemisk- og biologiske renseanlegg
- Naturbaserte renseanlegg
- Handtering av avfall
- Kjeldesortering
- Drift av avfallsfyllingar
- Overvaking av forureining frå avfallsdeponi
- Risikovurdering
Organisering
60 timar forelesingar og øvingsoppgåver
Obligatorisk: 3 dagar utferder
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på to delprøver: ei midtvegsprøve (3 timar) tel 50% og ei sluttprøve ( 3 timar) tel 50 % av endeleg eksamenskarakter. Alle delprøver må vere bestått. For å kunne gå opp til sluttprøva må følgjande vere godkjent: gruppeoppgåve om drikkevasskvalitet og rapport frå laboratorieøvingane.
Ved godkjent fråver frå gruppeoppgåvene kan dei gjennomførast individuelt.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 23.01.2007