Anvendt mikrobiologi 4307
Læringsmål
Studentane skal vere i stand til å planleggje og gjennomføre mikrobiologiske vassanalysar. Dei skal kunne analysere på indikatorbakteriar og cyanobakteriar.
Innhold
Arbeid på laboratoriet står sentralt med sikte på å lære og gjennomføre mikrobiologiske vassanalysar. Ein vil påvise ulike indikatorbakteriar og cyanobakteriar. Det blir også brukt molekylærbiologiske metodar i arbeidet med cyanobakteriar og for påvising av smittestoff. Det blir lagt vekt på at studentane skal kunne forstå og vurdere styrke og svakheit ved dei metodane som blir nytta på laboratoriet. Det blir halde seminar og forelesingar. Laboratorieprosedyrar og anna materiell blir utlevert.
Organisering
60 timar laboratoriearbeid, seminar og forelesingar.
Obligatorisk: all undervisning i emnet.
Vurderingsformer
Det blir sett karakterer på to delar, del 1 og del 2. Del 1 består av ein laboratorierapport ( 40% )og ein fleirvald test på 2 timar ( 60 % ). Heile del 1 tel 40% av sluttkarakteren. Del 2 består av laboratorierapport (bestått/ikke bestått) og ei skriftleg sluttprøve på4 timar.
Del 2 tel 60% av sluttkarakteren.
Del 1 og del 2 må begge vere bestått, og laboratorierapporten og fleirvaltesten fra del 1 må vere bestått for å kunne gå opp til den skriftlege sluttprøva.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 02.07.2007