Særpensum 4316
Læringsmål
Særpensumet skal gi faglege perspektiv utover den referanselitteraturen som elles normalt er knytt til masteroppgåva.
Innhold
Pensum vil normalt omfatte fagartiklar eller fagbøker som høyrer under fagfeltet til masteroppgåva. Tal sider blir utvalt av rettleiar og vil normalt vere fra 300 til 350 sider.
Som eit særpensum kan det og vere aktuelt å utarbeide ei objektsamling (planter eller dyr). Samlinga må vere bygd opp omkring eit taksonomisk, økologisk, geografisk eller pedagogisk tema og omfatte 80 objekt per 5 studiepoeng.
Organisering
Eit særpensum må leggjast opp etter avtale med rettleiar. Slikt pensum vil normalt omfatte fagartiklar eller fagbøker som høyrer under fagfeltet til masteroppgåva
Vurderingsformer
Studentar som legg opp særpensum, blir eksaminert i dette under den munnlege sluttprøva. Dei blir evaluerte av ekstern sensor saman med rettleiar(ar). I særpensum blir det gitt ein sjølvstendig karakter som blir ført på vitnemålet. Særpensum må vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 23.01.2007