Naturgrunnlag og landskap 4009

Læringsmål

Emnet skal gi kunnskap om berggrunnsgeologi, kvartærgeologi, om jordtyper og jordsmonn og om korleis landskapet er blitt forma av geologiske prosessar og menneskeleg kultur. Ein skal lære om kart, og om bruken av topografiske og tematiske kart i landskapsbruk og landskapsoppleving.

Innhold

Gjennom emnet får studentane innsikt i korleis landskapet har utvikla seg gjennom tida og om korleis mennesket har sett sitt preg på landskapet. Emnet er tverrfagleg mellom tema geologi, landskap og kultur.

Dei ulike tema i undervisninga er:
· Berggrunnsgeologi: Mineral og bergartar, indre og ytre geologiske prosessar og Noregs geologiske historie.
· Kvartærgeologi: Forminga av landet under og etter siste istid, isbrear og morene, breelvanes løp, hav, strand og dagens elveløp, landskapsutvikling og jordartane sine eigenskapar. Elles går ein gjennom havnivåendringar, stratigrafi, dateringsmetodar og kvartær historie. Bruk av topografiske kart og temakart.
· Jordtypar og prosessar for danning av jordsmonn.
· Kulturutvikling og bruk av landskapet.
· Kva er kart? Bruk av topografiske kart og temakart.

Organisering

50 timar forelesing.
Obligatorisk: 28 timar lab.øving, 6 dagar feltkurs.Naturvitskapeleg felt- og laboratoriemetodikk utgjer 2 studiepoeng.Undervisninga er basert i stor grad på feltarbeid og ekskursjonar med forutgåande forelesingar og etterfølgjande rapportskriving. Internett blir bruka som kjelde i undervisning og prosjektarbeid. Det blir gitt rettleiing ved rapportskriving der materiale, metodikk, resultat og diskusjon av konsekvensar og feilkjelder skal omtalast.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar på ei sluttprøve (4 timar) som tel 100% av endeleg eksamenskarakter. Rapportar frå feltkurs og gruppearbeid må vere godkjende før ein kan gå opp til sluttprøva. Obligatorisk frammøte til kart- og dataøvingar.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av  - 23.01.2007