IKT som fagleg verktøy 2721

Læringsmål

Studentane skal få innblikk i korleis informasjonsteknologi kan brukast konkret i humanistiske fag, inkludert formidling, og ei viss øving i å finne fram til og nytte fagleg relevant informasjon.

Innhold

Kurset er delt i ein generell del og to spesialiseringsdelar. Alle studentane må ta den generelle delen, men vel fritt den eine av dei to spesialiseringsdelane (enten A+B eller A+C).

  1. Generell del
    Kva finst, og kva finst ikkje tilgjengeleg i digital form? Korleis veit vi om det vi finn på nettet er fullstendig og dekkande - korleis finne fram til påliteleg informasjon? Litteratursøking og bibliografiprogram. Elektroniske oppslagsverk. Skanning av tekst og bilde. Fagdidaktikk: bruk av ny informasjonsteknologi i undervisning og i anna formidling (museum m.v.). Produksjon av trykksaker, bildebehandling, lyd- og musikkbehandling. Korleis bruke internettbasert lærestoff i undervisning?
  2. Spesialiseringsdel i språk- og litteraturfag
    Orientering om heimesider for fagtidsskrift, bibliografiar, institusjonar osb. Kvantitative og kvalitative metodar i språkforsking. IKT som reiskap i skriving og omsetting. Elektroniske tekstar og bruken av dei. IKT-basert stilanalyse, utvikling og bruk av konkordansar, hypertekst.
  3. Spesialiseringsdel i historiske fag og kulturfag
    Orientering om heimesider for fagtidsskrift, bibliografiar, institusjonar osb. Digitale kjelder og arkivkunnskap. Registrering og organisering av historiske data. Korleis bruke digitale kjelder? Import av data til eigne program. Kvantitativ metode. Gotisk skrift på nettet. Korleis bruke internettbasert lærestoff i undervisning?

Organisering

3 - 6 timar pr. veke forelesingar og øvingar i datalaboratorium.

Vurderingsformer

Obligatoriske og frivillige innleveringsoppgåver og munnleg eksaminasjon.
Både midtsemesterprøve og sluttprøve må vere bestått for å få bestått i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2007