Oversyn over verdshistoria etter 1750 3502

Læringsmål

Studiedelen skal gje eit samanhengande oversyn over verdshistoria i tida etter om lag 1750.

Innhold

Frå den industrielle revolusjonen til Sovjetunionens samanbrot

Tyngdepunkta i emnet er:

- Den industrielle revolusjonen – som forandra verda
- Den franske revolusjonen – som politisk sprengkraft i verda
- Gjennombrotet for nasjonalstatstanken
- Imperialismen: Vesten legg verda under seg
- Demokrati eller diktatur: dei store politiske motsetnadene i mellomkrigstida
- Dei store katastrofene: første og andre verdskrig
- Den kalde krigen og terrorbalansen
- Tilhøvet mellom nord og sør, mellom industriland og ”utviklingsland”
- Samanbrotet i austblokka: Mot eit nytt verdsbilde?

Organisering

Undervisning: Forelesingar og seminar.

Vurderingsformer

Vurderinga består av ei undervegsprøve og ei sluttprøve. Undervegsprøva tel ein tredjedel og sluttprøva to tredjedelar av samla karakter i studiedelen. Båe eksamensdelane må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.

Undervegsprøva er ei skoleprøve (kunnskapsprøve 3 timar) i første halvdel av oktober. Ein avgrensa del av pensum (om lag ein fjerdedel av samla pensum) ligg til grunn for prøva. Kva delar (tidsperiodar) dette er, vert gjort kjent ei veke før prøva.

Sluttprøva er ei skoleprøve (essay-oppgåve 4 timar) i slutten av semesteret. Heile pensum kan prøvast.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Webmaster HiT - 31.10.2006