Valemne i verdshistorie 3503
Læringsmål
Studiedelen skal gje meir omfattande kunnskapar i to valemne, eitt frå tida før 1750 og eitt frå tida etter 1750. Kvart emne har eit pensum på om lag 350 sider. Emna skal leggje til rette for ei djupare og meir problematiserande forståing av historia enn ein til vanleg får i oversynspensum.
Innhold
Kvar student skal leggje opp to valemne, eit før 1750 og eit etter 1750. I semesterplanen står opplysningar om kva for emne som blir tilbode det einskilde semesteret. Lista nedanfor viser døme på emne som har vore tilbudt, og som kan vere aktuelle:
- Samfunn og politikk i Roma
- Romersk imperialisme
- Slavehandel og slaveri
- Utbrotet av første verdskrig
- Sovjet etter 1917
Organisering
Undervisning: Seminar (unntaksvis: forelesing).
Arbeidskrav: Det er krav om to godkjende innleveringar i kvart av dei to valemna som føresetning for å kunne gå opp til avsluttande eksamen. Etter avtale med faglærar kan ei av dei skriftlege oppgåvene i eit emne erstattast av ei munnleg framføring i seminaret.
Til vanleg vil det vere tilbod om undervisning i fleire emne. Undervisninga vil normalt vere obligatorisk, men med høve til fritak i særlege tilfelle. Studentar som ikkje følgjer undervisning, kan få innskrenka rett til emneval, eventuelt bli pålagde å ta på førehand fastsette emne, levere oppgåver e.l., sjå semesterplanen for historie.
Vurderingsformer
Avsluttande skoleeksamen i slutten av semesteret under føresetnad av at alle pålagde innleveringar er godkjende.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 28.06.2007