Fordjupingsemne i norsk historie 3506

Læringsmål

Studiedelen skal gje meir omfattande kunnskapar og innsikt i to emne, eitt frå tida før 1800 og eitt frå tida etter 1800, kvart emne med eit pensum på om lag 350 sider. Emna skal studerast særleg inngåande, slik at ein kjenner så vel kjeldegrunnlag som relevant forskingslitteratur, og dessutan kan drøfte tema frå emna i ein meir krevjande fagleg samanheng. Ein føreset nødvendige kunnskapar i norsk historie oversyn.

Innhold

Kvar student skal leggje opp to valemne, eit før 1750 og eit etter 1750. I semesterplanen står opplysningar om kva for emne som blir tilbode det einskilde semester. Nedanfor er ei liste over emne som har vore tilbode, og som kan vere aktuelle:

- Heidendom og kristendom ca. 800-1100
- Kong Sverre - mannen og kongedømet
- Trolldomsprosessar med vekt på tida 1550–1700
- Kjønn, kropp og arbeid
- ’Det moderne gjennombrotet’ – kulturbrytningar i Noreg på slutten av 1800-talet
- Innvandring, innvandringspolitikk og holdningar til ’dei framande’
- Militær motstand i Noreg under den andre verdskrigen

Organisering

Seminarundervisning (unntaksvis forelesing). Til vanleg vil det vere tilbod om undervisning i fleire emne. Undervisninga kan gjerast obligatorisk i eit eller fleire av emna. Studentar som ikkje følgjer undervisning, kan få innskrenka rett til emneval, eventuelt bli pålagde å ta på førehand fastsette emne, levere oppgåver e.l., sjå semesterplanen for historie.

Vurderingsformer

1. Mappevaluering med avsluttande heimeoppgåve, som blir gjennomført slik at studentane i løpet av seminarundervisninga leverer to skriftlege oppgåver i kvart emne. Etter avtale med faglærar kan ei av dei skriftlege oppgåvene i eit emne erstattast av ei munnleg framføring i seminaret.

I slutten av undervisningsperioden, seinast ei veke før undervisningsslutt, melder den einskilde studenten frå til vedkomande faglærar om kva oppgåve av dei fire/og eller andre tema som ho/han vil arbeide vidare med i ein arbeidsperiode (2 veker) etter avslutninga av seminaret. Med meldinga skal følgje ei skisse/plan for oppgåva, som skal godkjennast av faglærar. Oppgåva må leverast innan fastsett frist. Oppgåvene er individuelle (ikkje gruppeoppgåver/gruppearbeid).

Studentar som tek årsstudiet som fjerde år i ei allmennlærarutdanning, skal skrive oppgåve med didaktisk innhald og problemstillingar relaterte til formidling av faget.

2. Det vert halde ei supplerande munnleg prøve. Normalt vil minst ein tredjedel av studentane bli kalla inn til munnleg prøve. Innkallinga skjer ved oppslag, og den munnlege prøva er obligatorisk for dei som blir kalla inn. Heile pensum kan prøvast ved den munnlege prøva. Eksamen vil normalt vere avslutta i byrjinga av mai.

Det vert gjeve ein samla karakter i studiedelen. Alle innleverte arbeid og munnlege prestasjonar tel med i karakteren.

Særorningar for studentar som ikkje følgjer undervisninga, sjå semesterplanen for historie.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2007