Examen Facultatum 3525

Læringsmål

Examen facultatum er eit kurs i allmenn vitskapsteori som skal gi studentane ei innføring i grunnleggande føresetnader og problemstillingar som er felles for vitskap og vitskapleg verksemd generelt, samtidig som det blir lagt vekt på den eigenart og autonomi ved dei forskjellige fagdisiplinar som følgjer av deira forskings- og studieobjekt

Innhold

Examen facultatum er ei innføring i vitskapsteori, forskingsetikk og problemstillingar knytt til vitskap, teknologi og samfunn og ein vil drøfte metode, forklaringsmodellar og relevant argumentasjonsteori (logikk). Ein vil gå systematisk inn på ein del generelle vitskaplege omgrep, slik som hypotese, forklaring, fortolking og rasjonalitet. Vidare blir det gitt ei innføring i forskingsetiske emne og problemstillingar, slik desse oppstår i forskjellige faglege samanhengar. Som ein siste komponent, tar ein opp problemstillingar i knytt til vitskap, teknologi og samfunn, så om teknologi og verdi, kva teknologien har å seie for samfunnsutviklinga, miljøproblematikken, m.m.

Organisering

Forelesingar og seminar

Vurderingsformer

Undervegsevalueringa i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller innleveringar som til saman tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2007