Innføring i spansk 2300
Læringsmål
Målet med emnet er å gje ei grunnleggande innføring i moderne spansk språk, slik at studentane etter gjennomført eksamen skal kunne føre daglegdagse samtalar på spansk og lese og skrive spansk på eit elementært nivå. Emnet skal også leggje til rette for studentanes fyrste møte med samfunnstilhøve og litteratur i spansktalande land.
Innhold
Emnet er eit elementært språkkurs som skal gje grunnleggande språkkunnskapar i spansk. Emnet gir utteljing med 15 studiepoeng, men kan ikkje inngå som del av fordjupingskrav i spansk i ein bachelorgrad. Emnet passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i spansk frå vidaregåande skole eller liknande, men det kan også fungere som ei frittståande grunnopplæring i spansk.
Organisering
Forelesingar og seminar (6 t/v) og øvingar i språk-lab i haustsemesteret. Det vil vere obligatorisk deltaking i seminara. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom gjennom semesteret.
Vurderingsformer
1) Ei skriftleg prøve på 4 timar som tel 50 % av samla karakter
2) Ei munnleg prøve på inntil 15 min. som tel 50 % av samla karakter.
Prøva er for det fyrste ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekster på spansk.
Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile innføringsemnet.
Det blir gjevne graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2007