Kulturanalyse I 3309
Læringsmål
Studenten skal tileigne seg grunnleggande kulturanalytisk kompetanse innafor områda kulturell materialitet, handling, oppleving og erfaring. Målet er at studenten blir fortrulig med det ”kulturanalytiske blikket” og få grep om kultur som fenomen. Vidare skal studenten byggje opp ei fortolkande evne som gjer henne/han i stand til å forstå fenomen som tilgjengeleg for erfaring og observasjon ved bruk av analytiske omgrep. Emnet skal gje studenten innsikt i kulturanalysen sitt vitskapssyn og arbeidsmåtar.
Innhold
Gjennom ulike døme frå dagleglivet og kulturfeltet blir kultur forstått som aspekt ved all menneskeleg verksemd. Emnet legg vekt på kultur som erfaring, praksis, som daglegliv og som livsverden. Innom emne blir difor kultur å forstå som noko som ikkje alltid lar seg språkleg og verbalt formulere. Sentrale tema er:
● Kulturteoretiske klassikarar
● Kulturteori
● Kvalitative metodar
● Kulturell kompleksitet og identitet
Organisering
Førelesningar, seminar, gruppearbeid/ responsgrupper, skriftelege og munnlege øvingar knyta til førelesningar. I emnet er det lagt inn feltarbeid som skal resultere i ein skrifteleg heimeoppgåve med innlevering i midten av semesteret.
Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav):
Det er knyta to obligatoriske seminar til emne. Begge seminara er knytta til ein skrifteleg heimeoppgåve. Det første seminaret vil fungere som en temapresentasjon. Her skal studenten levere ein tekst/ skisse der ho/ han presenterar val av tema for feltarbeidet og tematikk for den skriftelege oppgåva. Dette skal faglærar godkjenne. På seminaret er det også obligatorisk å vere opponent på ein av medstudentane sine tekstar. Neste seminar fungerar som responsgrupper. Studentane skal her utveksle tekst på førehand med andre studentar i same gruppe samt faglærar. Arbeid i responsgrupper vil bli gått gjennom på førehand som del av undervisninga. Fristar for innlevering av tekstar til dei to seminara vert kunngjorde i undervisningsplan og på Fronter.
Vurderingsformer
Obligatorisk heimeoppgåve på ca 2000 ord, på bakgrunn av seminarar og med utgangspunkt i feltarbeid. Heimeoppgåva tel 40 % av samla karakter. Individuell femtimers skoleeksamen vert arrangert i slutten av semesteret. Denne tel 60 % av samla karakter. Graderte karakterer. Både innlevering av tekstar til seminarar, deltaking på seminarar, heimeoppgåve og slutteksamen må vere stått for å få stått i faget.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 17.12.2007