304 Kultur - arrangering, formidling og forvaltning, bachelor

Målgruppe og opptakskrav

Opptakskrav er generell studiekompetanse.

Målgruppe er søkjarar som ønskjer å arbeide med kulturformidling i t.d. festivalar, museum og kulturhus, i prosjektretta verksemd og friviljuge organisasjonar, samt i offentleg kulturadministrasjon på kommune- og fylkesplan. Kvart av studieåra er ei avslutta eining, det vil derfor vere mogleg å søkje opptak til andre og tredje året på grunnlag av annan relevant utdanning.

Mål for studieprogrammet

Målet er å kvalifisere for arbeid i det offentlege og private kulturfeltet. Studiet skal utvikle studentens kompetanse som iscenesettar/arrangør og formidlar. Dette krev kunnskap om interne og eksterne vilkår for formidlinga. Studenten skal og utvikle ei heilskapleg forståing for kulturlivet, endringsprosessar og tendensar samt vilkår for kulturen i samfunnet. Studiet legg stor vekt på å sjå kulturlivet i eit analytisk perspektiv. Studenten skal i løpet av studiet utvikle evna til å diskutere, analysere og reflektere.

Videre studiemuligheter

Studiet kan passe saman med anna høgre utdanning, anten med sikte på å styrke kompetansen for dei nemnde arbeidsområda eller med sikte på yrke innanfor tilgrensande arbeidsområde (t.d. undervisning, bibliotekarbeid, journalistikk og informasjon/formidling). Studiet kan danne grunnlag for mastergrad i kulturstudiar, tekstvitskap og tilsvarande studiar. Einskilde emne kan inngå i andre bachelorstudiar.

Studiet er lagt opp slik at eitt semester kan bytast ut med studiar ved ein utanlandsk samarbeidsinstitusjon. Studiet vil vere ein del av Norplusnettverket, som tilbyr kulturutdanning i Århus og Odense i Danmark , i Ørebro og Södertälje i Sverige og i Åbo og Helsinki i Finland og Reykjavik på Island. I tillegg er det god kontakt med Yrkeshögskolan Sydväst og Teaterhögskolan i Helsinki for utveksling innen Kulturprodusentnettverket innen Norplus.

Instituttet har og samarbeidsavtale med Franklin College, USA der studentane kan velje inntil eitt års studium i anten drama/teater, journalistikk eller leiing.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Bachelorstudium i kultur - arrangering, formidling og forvaltning (plan 2009/2010)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
3317 Kulturpolitikk I 10,00 O 10          
3309 Kulturanalyse I 10,00 O 10          
3319 Akademisk skriving 5,00 O 5          
3320 IKT - vevpublisering 5,00 O 5          
2735 Fleirkulturell forståing - ei
innføring
10,00 O   10        
3312 Kunsthistorie 10,00 O   10        
3311 Kulturhistorie 10,00 O   10        
xxxx Valemne - velg blant tilgjengelige
valemner
10,00 V     10      
283 Musikkformidling 15,00 V     7,5 7,5    
208 Kulturvern 15,00 V     7,5 7,5    
210 Filmformidling 15,00 V     7,5 7,5    
211 Kulturformidling for barn og unge 15,00 V     7,5 7,5    
3323 Kunstformidling 15,00 V     15      
3318 Kulturpolitikk II 10,00 O       10    
3310 Kulturanalyse II 10,00 O       10    
3325 Kulturplanlegging 15,00 O         15  
P3307 Feltarbeid med rapport 30,00 O         10 20
xxxx Fordypningsemne - velg blant
tilgjengelige valgemner
15,00 O         7,5 7,5
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Kultur- arrangering, formidling og forvaltning er eit treårig studium. Studiet er tverrfagleg. Det er sett saman av humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Gjennom val av fordjupingsemne andre og tredje året og tema for prosjekt/feltarbeid på tredje året kan studenten profilere sitt eige studieløp. Val av tema for prosjekt/feltarbeid må knytast til det eine fordjupingsemnet.

Fyrste året har preg av innføringsemne innan kunst- og kulturhistorie, kulturpolitikk og kulturanalys fleirkulturell forståing. I emnet Skrift og tale i praksis arbeider ein med utvikling av personleg uttrykksevne både skriftleg og munnleg. Alle emna er obligatoriske.
Andre året er prega av formidlingsfag og bygger vidare på kulturanalyse som er obligatoriske emne. På våren kan studentane velje mellom Digital kultur, digitalt samfunn og IKT- formidling og publisering. På dette trinnet vel studentane to fordjupingsemne. Kva fordjupingsemne vi har å tilby varierar frå år til år. Undervisninga her kan bli organisert i bolkar.
Tredje året er entreprenørskapsretta, med administrative og prosjektretta emne og studentane kan også velge eit fordjupingsemne. På dette trinnet vel studentane emne for feltarbeid og praksis i kulturfeltet. Alle emna er obligatoriske.
Det kan bli arrangert studieturar på alle årstrinna. I innføringsveka første året blir det ein fagtur i regionen. Det blir også arrangert fagturar i tilknyting til dei obligatoriske emna.
Andre året blir det arrangert obligatorisk studietur til i Norden.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga har til vanleg form av forelesingar og seminar. Det blir lagt stor vekt på skriftlege innleveringar og munnlege framføringar. Ein nyttar Classfronter som supplement til ordinære undervisingsformer. I fleire emne vil det vere krav om frammøte til undervisninga. I einskilde emne kan undervisninga bli organisert som samlingar.
Sjå elles omtale under dei einskilde emna.

Forholdet mellom teori/praksis

Studiet er eit teoretisk studium, men det er lagt inn ei vekes praksis i første året. I emnet P3307 Feltarbeid med rapport skal studentane knyte teoretiske kunnskapar saman med praktisk erfaring i tilknyting til eit av fordjupingsemna frå andre året.

Kvart år blir det arrangert seminar (normalt ein til tre dagar) om faglege eller kulturpolitiske emne. Slike seminar kan skipast til i samarbeid med organisasjonar eller institusjonar utanfor høgskolen.

Vurderingsformer

Individuelle skriftlege eksamenar med bokstavkarakterar, der A til E er bestått, og F er ikkje bestått. Delprøver kan inngå i sluttkarakteren i dei einskilde emna.

Innleveringar av skriftlege arbeid og munnlege presentasjonar.
Semesteroppgåver.

Alle deleksamenar og obligatoriske oppgåver må vere stått for å få stått i heile emnet.
Sjå under dei einskilde emna den eksamensforma som gjeld for dette emnet.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 30.01.2009