3324 Kuratorarbeid, betalingsstudium, bachelor

Innledning

X

Målgruppe og opptakskrav

Opptaksgrunnlaget er generell studiekompetanse, med dei unnatak og overgangsordningar som følgjer regelverket. I tillegg blir det kravd:

  • Dokumenterte basiskunnskapar i norsk og europeisk kunsthistorie, minimum 10 stp
  • Ei viss innsikt i, og noko erfaring frå kunstfeltet
  • Tilgang til og dugleik i bruk av internett
  • Høve til å vere med på to samlingar i Bø per semester, ca fem dagar for kvar samling

Søknad til emnet må innehalde:

  • Kopi av vitnemål og attestar
  • Skriftleg grunngjeving for kvifor ein søkjer opptak på emnet

Det er sett ei grense på totalt 15 studentar. Det kan difor bli innkalla til intervju.

Mål for studieprogrammet

Emnet har to målsetjingar. Det tek sikte på å gje studentane ei forståing for kunstfeltet som sektor og sosialt system, gje kompetanse i emna formidling og arrangering av kunstutstillingar, og kultur og leiing. Emnet rettar seg mot personar som er knytt til ein kunstinstitusjon, anten som tilsett, engasjert, tillitsvald, praktikant eller på anna vis knytt til institusjonen fast eller førebels. Emnet rettar seg og mot personar som ønskjer ein praktisk-teoretisk del i si utdanning innan kunsthistorie, kulturfag eller kunstfag.

Læringsutbytte

X

Videre studiemuligheter

Emnet vil og vere eigna for studentar som ønskjer ein praktisk-teoretisk del i, eller som supplement til, ei bachelorutdanning i kunsthistorie, kulturfag eller til ei kunstutdanning. Det kan kombinerast med ein eller begge modulane i Kultur og leiing, betalingsstudium.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Kuratorarbeid, studieår 2010/2011
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
3324 Kuratorarbeid 30,00 O 15 15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Hovudemne:

Utstillingsteori, formidlingsteori, kunstpolitikk, kunstteori med hovudvekt på samtidskunst, å skrive og snakke om kunst til ulike målgrupper og prosjektarbeid knytta til kuratorarbeid.

Internasjonalisering

x

Arbeids- og læringsformer

Emnet er lagt opp slik at det skal vere mogleg å kombinere studiet med fulltidsarbeid. Emnegjennomgangen er basert på ein kombinasjon av undervisning, rettleiing, sjølvstudium og løysing av oppgåver. Kjernen i undervisninga er to vekesamlingar per semester, med to introduksjonsdagar i det fyrste semesteret, knytt til fyrste samling. E-læringssystemet Fronter vil vere eit vesentleg hjelpemiddel i undervisninga. Utanom samlingane vil dette vere kontaktmediet mellom kursleiing, førelesarar og deltakarar. Det er derfor ein føresetnad at studentane har tilgang til internett og e-post.

Nokre dagsreiser til kunstinstitusjonar, primært i Telemark, som studentane sjølv må dekke/ordne transport og kostnadar til. Siste samling i andre semester vil vere knytta til å førebu og gjennomføre utstillingsprosjekt knytt til ein kunstinstitusjon.

Vurderingsformer

Se emnet


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>,Bente Støa <Bente.StoaSPAMFILTER@hit.no> - 31.01.2012