903 Norsk - samlings- og nettbasert, årsstudium

Målgruppe og opptakskrav

Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Studiet eignar seg for alle med interesse for norsk språk og litteratur. Årsstudiet er særleg retta mot å stette krava til undervisningskompetanse i grunn- og vidaregåande skole.

Mål for studieprogrammet

Studiet skal gi ei grunnleggande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv.
Dei fire emna som utgjer årsstudiet i norsk, sikrar breidd og innsikt i faget, og kvalifiserer for undervisning i norsk i ulike skoleslag.

Videre studiemuligheter

Årsstudium og fordjupningsemne på minst 20 studiepoeng i ein bachelorgrad vil kvalifisere til masterstudium i norsk/nordisk, eller andre kulturfaglege mastergradar. Årsstudiet - saman med praktisk-pedagogisk utdanning - kvalifiserer for undervisning i norsk i ungdomsskole og vidaregåande skole.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Norsk, samlings- og nettbasert, kull 2012H
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
2117 Litteratur før 1900 (samlings- og
nettbasert)
15,00 O 15      
2118 Litteratur etter 1900 (samlings- og
nettbasert)
15,00 O   15    
2119 Grammatikk og pragmatikk (samlings- og
nettbasert)
15,00 O     15  
2120 Språket i utvikling og variasjon
(samlings- og nettbasert)
15,00 O       15
Sum: 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Årsstudiet er delt i 4 eksamenemne, og kvart emne tel 15 studiepoeng. To emne har eksamen i desember, og dei to andre har eksamen i mai.

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsformene er helgesamlingar (to dagar), forelesingar via fronter (lydfil) og nettmøte i grupper (lyd, sanntid). Det vil bli gitt oppgåver på fronter som studentane skal legge fram. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. To timar til ei fast tid kvar veke vil lærarane vere disponible i eit samtalerom på fronter.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er ei eller fleire individuelle heimeoppgåver, som tel 40%, og skriftleg individuell prøve (sluttprøve), som tel 60%. Sjå dei enkelte emna.

For studentar som ikkje har bestått, eller som har levert eigenerklæring for sjukdom, vil det vere høve til utsett vurdering.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 09.02.2012