103 Revisjon, påbygging
Målgruppe og opptakskrav
Studiet rettar seg mot alle som ønskjer ei utdanning som kvalifiserer for stillingar innan revisjon, rekneskapsarbeid og økonomi og administrasjon i privat og offentlig verksemd. Opptakskrav er til vanleg bestått eksamen i dei emna som går inn i det 2-årige høgskolekandidatstudiet i økonomi og administrasjon eller tilsvarande utdanning med valkurs innan rekneskap, rettslære og skatterett. Av desse må minst 96 studiepoeng samsvare med emne frå 3-årig studium i revisjon ved Høgskolen i Telemark. Det er krav om minst 12 studiepoeng i Skatterett og i Rettslære. Under elles like vilkår vil søkjarar med 18 studiepoeng i Rettslære og Skatterett gå føre. Søknadene blir vurderte individuelt, og opptaket skjer på grunnlag av utdanning, karakterar og yrkeserfaring innan rekneskap/revisjon. Det kan dispenserast frå opptaksreglane. For dei som blir tatt opp direkte på det 3. året gjeld at ein ikkje får tittelen Bachelor i revisjonsfag før det er avlagt eksamen i alle dei faga som høyrer med til det 3-årige studiet i revisjon ved høgskolen ((inkl karakterkrav i revisjonsfaga).
Mål for studieprogrammet
Revisjonsstudiet skal gi studentane ein teoretisk og yrkesretta utdanning. I dette inngår det at studentane skal opparbeide fagleg innsikt, analytiske evner og problemforståing innan økonomiske, sosiale og politiske system og prosessar. Det vil bli gitt innføring i økonomisk politikk og samfunnsøkonomisk planlegging og bakgrunnen for regulering av verksemd i næringslivet. Studenten skal lære seg prinsipp for leiing og organisasjon, kvalitetsstyring og kommunikasjon. Det vil vidare bli gjennomgått etiske problemstillingar, etiske tradisjonar, normer og verdiar i det moderne samfunn. Det vil og bli lagt vekt på å utvikle sosial kompetanse til bruk i arbeidsgrupper og prosjekt og utvikling av god skriftleg og munnleg kommunikasjon.
Konkret vil dette innebere at studiet skal gi studentane:
- ei teoretisk utdanning som kvalifiserar for arbeid som er tillagt ein registrert revisor
- ei teoretisk utdanning som kvalifiserar for arbeid med rekneskaps- og revisjonsoppgåver innan privat og offentleg sektor
- eit grunnlag for vidare studium til mastergrad i revisjon (statsautorisert revisor) eller annan mastergrad
Viktigaste oppgåva til ein registrert revisor er å utføre revisjon for å stadfeste årsrekneskapen til verksemda (Revisors melding). For å klare dette nyttar han mellom anna ymse verkemiddel som til dømes gjennomgang av dei interne kontrollrutinane for sal, kjøp, lønn, varelager og stikkprøvekontroll av rekneskapsbilag. Det er og viktig å kontrollere at årsrekneskapen er i samsvar med rekneskapslova og skattelova. Krava som er sette til ein revisor og det arbeidet han gjer, finn ein dels i lover om revisjonsplikt, dels i administrative føresegner og dels følgjer dei av revisjonsteori og grunnsetningar for god revisjonspraksis. I tillegg kjem ei rekkje andre oppgåver som det er naturleg å løyse for ein registrert revisor. Ein kan her nemne rådgiving for bedriftsleiinga når det gjeld rekneskapsføring, skatte- og avgiftsspørsmål, genereasjonsskifte, rekneskapsanalyse, ulike konsulentoppdrag for andre enn revisorkundar o.l.
Revisorstudiet kvalifiserer og for andre stillingar innanfor området for økonomi- og administrasjon i verksemder og innanfor offentlig sektor. Grunnlaget for det er at studiet gir ein god innføring i:
- føring av rekneskap
- utarbeiding av årsrekneskap og konsernrekneskap
- analyse og forståing av årsrekneskap
- skattereglar for selskap
- organisasjonsstrukturar og -utvikling og personalhandsaming
- administrative rutinar og endring av slike rutinar
- økonomiske kalkulasjonar og utrekningar i samband med interne avgjerder
Videre studiemuligheter
Fullført studium med karakteren C på dei 4 offentlege revisoreksamenane og eit vekta karaktersnitt på minimum C, gir grunnlag for opptak til masterstudiar i revisjon og rekneskap.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Ny fagblokk
|
Studiet er 1-årig og gir 60 studiepoeng. Studiet byggjer på 2-årig studium i økonomi og administrasjon eller tilsvarande utdanning, sjå punktet Målgruppe og opptakskrav. Fullført studium (3 år) gir tittelen Bachelor i revisjonsfag.
Studiet er delt opp i emne som varer 1 eller 2 semester med 3-8 undervisningstimar i veka. Kvart emne gir studiepoeng som svarar til den arbeidsmengda emnet krev. Heile studiet er på 60 studiepoeng som fordelar seg med omlag 30 studiepoeng på kvart semester.
Arbeids- og læringsformer
Det vil bli nytta varierte arbeids- og undervisningsformer i emna som inngår i studieplanen, til dømes forelesingar, emne/seminar, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver og eksamenar. Tradisjonelle forelesingsformer kan bli supplerte med aktiv bruk av e-post, internett og databasert modellverkty.
Forholdet mellom teori/praksis
For å bli registrert revisor, må ein etter fullført studium med oppfylte karakterkrav (tilleggskrav frå Kredittilsynet), ha minimum 3 års variert revisjonspraksis og bestått ei praktisk prøve etter avslutta praksisperiode.
Vurderingsformer
Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Det vil bli nytta varierte evalueringsformer. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene. Det blir nytta graderte karakterar (A-F med F som ikkje bestått). For å få vitnemål (graden Bachelor) i revisjon må ein oppfylle kravet til å bli registrert revisor. Det vil seie at ein må ha fullørt studiet etter gjeldande studieplan og ha greidd karakteren C eller betre i Skatterett, Rettslære, Revisjon og Årsrekneskap/god rekneskapsskikk. Kandidatar som ikkje klarar karakterkrava, kan få tittelen Bachelor i økonomi og administrasjon.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 10.05.2005