388 Bachelorstudium i naturforvaltning

Målgruppe og opptakskrav

Studiet passar for studentar med interesse for arbeidsoppgåver med vern av naturområde, biologisk mangfald, berekraftig forvaltning av naturressursane og arealforvaltning og planlegging.
Opptakskrav er generell studiekompetanse/realkompetanse. I tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse er det frå hausten 2005 krav om 2MX eller 2MY eller 3MZ og i tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI.

Mål for studieprogrammet

Studiet gir tverrfagleg utdanning innan natur-, helse og miljøvernfag. Ved sida av å formidle kunnskapar, skal studiet utvikle studentane si forståing av forholdet mellom levande organismar og miljøforholda med spesiell vekt på mennesket sin plass i naturen. Studiet skal leggje grunnlag for eit aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet og formidle ulike verdisyn i samband med dette. Ein lærer korleis ulike landskap og verneområde i Noreg skal handterast i samsvar med lovverket, og kva forhold t.d. planter, fisk og vilt må ha for at det skal bli ein god balanse i naturen. Studiet skal setje studentane i stand til å handtere verdilada og kontroversielle spørsmål knytt til bruk og forvaltning av naturressursar.

Videre studiemuligheter

Studiet gir grunnlag for opptak på 2- årig masterstudium i natur-, helse- og miljøvern.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning



Valemne
Bachelorstudiet har 10 studiepoeng med valemne i haustsemesteret siste studieår. I emnetabellen er det ført inn eksempel på valemne som er relevante for studiet. Emna 4255 Mikrobiologi og 4256 Vannforsyning, avløp og avfall er obligatorisk på bachelorstudiet i helse- og miljøvern. Studentar som planlegg å gå vidare til masterstudiet, blir oppfordra til å ta 5551 Statistikk II. I prinsippet kan eit kvart valemne som er fagleg relevant for studiet, bli godkjent. Det må da avklarast med instituttet på førehand.

Atterhald
For at eit valemne skal bli halde, må det normalt vere minst 5 deltakarar. Generelt sett må ein ta atterhald om at enkelte emne i tredje studieår  kan bli endra eller gå heilt ut dersom faglege, personellmessige eller andre forhold ved høgskolen gjer dette nødvendig.


3-årig bachelor i naturforvaltning
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
4002 Naturgeografi 20,00 O 5 15        
4005 Biologi og miljø 20,00 O 20          
5618 Informasjonsbehandling 5,00 O 5          
4004 Menneske, miljø og utvikling 15,00 O   15        
4100 Matematikk for økologar 10,00 O     10      
4101 Generell kjemi 10,00 O     10      
4102 Arealforvaltning og kommunal planlegging 10,00 O     10      
5550 Statistikk I 5,00 O       5    
4103 Kjemi i levande organismar 5,00 O       5    
4104 Vannressurser, (limnologi og
hydrogeologi)
20,00 O       20    
4206 Vegetasjonsøkologi 10,00 O         10  
4207 Ferskvannsfiske og
vannressursforvaltning
10,00 O         10  
4254 Yrkeshygiene og arbeidsmiljø 10,00 V         10  
4255 Mikrobiologi 10,00 V         10  
4256 Vannforsyning, avløp og avfall 10,00 V         10  
2150 Praktisk norsk i forvaltninga 5,00 V         5  
5551 Statistikk II 5,00 V         5  
4208 Viltøkologi og viltforvaltning 10,00 O           10
4205 Bevaringsbiologi 10,00 O           10
5707 Kart og data 10,00 O           10
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Arbeids- og læringsformer

Studentane blir fulgt opp under heile studieløpet med arbeids- og undervisningsformer som inkluderer felt- og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og undervisningsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalene.

Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det vert sett opp.

Vurderingsformer

I dei fleste emna vil det vere både undervegsvurdering og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalene.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av  - 04.05.2005