911 Masterstudium i natur-, helse- og miljøvern, tilrettelagt for bioingeniørar, master

Målgruppe og opptakskrav

Masterstudiet er spesielt lagt til rette for personar som er kvalifisert for eller har erfaring frå arbeid som bioingeniør. Denne studievarianten er utvikla i samarbeid med det bioteknologiske miljøet i Grenland (Telelab, Bionor Immuno og Sykehuset Telemark (YMA)). Samarbeidet omfattar mellom anna bruk av fagpersonale i undervisninga med høg fagleg kompetanse og lang erfaring med laboratoriearbeid.

Opptakskrav
Bachelorgrad for bioingeniørar eller tilsvarande.

Mål for studieprogrammet

Siktemålet med denne varianten av masterstudiet er å gi studentane gode fleirfaglege kunnskapar innan helse og miljø ved at dei får høve til fagleg fordjuping i korleis genetiske, mikrobiologiske og andre biologiske forhold verkar inn på mennesket si helse.

Det blir lagt stor vekt på at studentane arbeider kritisk og sjølvstendig. I særleg grad gjeld dette masteroppgåva. Dei skal kunne forstå og vurdere kritisk informasjon, metodar og forskingsresultat. Studentane skal lære fleirfagleg samarbeid og kommunikasjon og korleis vitskapleg forsking og rapportering blir gjennomført.

Videre studiemuligheter

Avlagt grad gir grunnlag for vidare forskarutdanning.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Masterstudium i natur-, helse- og miljøvern, tilrettelagt for bioingeniørar
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
4301 Naturvitskaplege metodar 10,00 O 10      
4302 Genetikk 10,00 V 10      
4307 Anvendt mikrobiologi 10,00 V 10      
4313 Bioteknologi 10,00 O   10    
4314 Medisinsk mikrobiologi og immunologi 10,00 O   10    
4315 Bioinformatikk 10,00 O   10    
4317 Mastergradsoppgåve 60,00 O     30 30
Sum: 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Oppbygningen av studiet er slik:

Obligatorisk del, 40 stp.

Valfri del, 20 stp.

Masteroppgåve, 60 stp.*

*Det er høve til å gjennomføre ei masteroppgåve på 30 stp. (4318 Masteroppgåve) i staden for 60 stp. Den valfrie delen må da aukast til 50 stp.

Periodisert undervisning
Undervisninga blir så langt råd er lagt til rette slik at bioingeniører kan gjennomføre studiet mens dei er i arbeid. Emna er derfor modulbaserte og blir undervist intensivt over periodar på ca. 3 veker. På dei fleste emna er det obligatorisk frammøte på større eller mindre delar. Særleg gjeld dette emne med laboratoriearbeid.

Studiekontrakt
For kvar student blir det sett opp ein kontrakt tidleg i studiet. Denne definerer studiesamansetjing, tema for masteroppgåva og eventuelle andre forhold som gjeld for den enkelte student.

UTFYLLANDE INFORMASJON OM VALEMNE

I tabellen under er ført opp to valemne som vi anbefalar. Eksempel på andre valemne er emne ført under studieprogram 918 Masterstudium i natur-, helse- og miljøvern.

Andre valemne
Mastergradsemne frå andre institusjonar kan bli godkjent dersom dei er relevante. Ein vil oppmuntre til at studentane utnytter ordningar som omfattar opphald ved utanlandske universitet og høgskolar.

Godkjenning av BA-emne
Inntil 10 studiepoeng med emne frå BA-nivå kan bli godkjent som del av mastergraden, dersom masteroppgåverettleiar tilrår dette for å styrke den faglege profilen knytt til oppgåva. Normalt gjeld slik godkjenning emne på 3. års BA-nivå. Vidare kan ikkje obligatoriske emne frå det BA-studiet som er grunnlag for opptaket, godkjennast.

4320 Godkjenning av praksis
Studentar som kan dokumentere relevant praksis, kan søke om å få dette godkjent med inntil 30 studiepoeng for minst eitt års arbeid mot grundig dokumentasjon og rapportering, eventuelt attest frå arbeidsgivar. Med relevant praksis er meint arbeid som er direkte relevant for masteroppgåva. Kva som er relevant, blir avgjort av rettleiar, som må vurdere innhald, omfang og kvalitet. Det er ei føresetnad at det er meir enn reint rutineprega arbeid.
Slik praksis må være avslutta og godkjent før innlevering av masteroppgåva.

Arbeids- og læringsformer

Studieprogrammet legg så langt mogleg stor vekt på laboratorieorientert undervisning. Det blir også sett store krav til sjølvstendig arbeid frå studentane si side, idet undervisninga i utstrakt grad er basert på presentasjonar, oppgåveløysingar og problembasert læring.

Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på laboratoriekurset neste gongen det vert sett opp.

Vurderingsformer

Masteremna får sjølvstendige karakterar som blir ført på vitnemålet. For vurderingskriteriar, sjå emneomtaler. Etter at masteroppgåva er levert og vurdert, blir det halde munnleg sluttprøve knytt til oppgåva. Karakteren på masteroppgåva blir justert ved den munnlege prøva, og ein samla karakter blir ført på vitnemålet.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 12.06.2008