400 Idéhistorie, årsstudium

Målgruppe og opptakskrav

Opptakskrav er generell studiekompetanse. Sidan ein del av pensumtekstene i mange kurs er på engelsk, er det naudsynt med gode lesekunnskapar i engelsk.

Kursa i idéhistorie er retta mot alle som ønskjer å eigne til seg breie kunnskapar om tenkinga si historie innan kulturelle hovudområde, og igjennom det å oppnå ei betre forståing av samtidstenkinga sine idémessige føresetnader. Slik idéhistorisk breiddekunnskap vil gi ei betre forståing av mange tankestraumar som ein møter i dei fleste humanistiske fag, men også i mange samfunnsvitskaplege samanhengar. Derfor vil eit idéhistoriestudium være aktuelt og tenleg for dei aller fleste studentar som siktar seg inn mot ein bachelorgrad innan humaniora, samtidig som det kan kombinerast med samfunnsvitskaplege studiar på ein fruktbar måte. Studentar som tar sikte på ein full bachelorgrad ved Institutt for kultur- og humanistiske fag ved Høgskolen i Telemark, og som ønskjer å ha idéhistoriske komponentar som delar av graden, vil ha høve til mange og fleksible kombinasjonar med både engelsk-, norsk- og historiestudia, likeeins med studia i kulturarbeid. Dessutan vil det vere svært relevant å studere idéhistorie for studentar som ønskjer å gå vidare på hovudfaget i kulturstudiar ved instituttet.

 

Mål for studieprogrammet

Studentane skal gjennom idéhistoriestudiane lære seg å forstå korleis sentrale tankestraumar har utvikla seg frå antikken fram til vår eiga tid, særleg innan det filosofiske, religiøse, kunstneriske, politiske og vitskapelege området. Det blir lagt stor vekt på å etablere samanheng mellom dei ulike idéområda, slik at studentane opparbeider kompetanse i å lese einskildtekstar i lys av andre tekstar og idémessige kontekstar. Dessutan er det eit hovudmål at studentane gjennom å tileigne seg innsikt i historiske tekstar og kontekstar skal få ei betre forståing av sentrale idékompleks i samtida. Vi ønskjer med andre ord å bidra til auka sjølvforståing ved å synliggjere viktige idéhistoriske føresetnader for samtidstenkinga.

Studentane skal oppnå studiemåla ved å arbeide med større oversiktsverk og utvalde originaltekstar, og gjennom forelesingar og oppgåveløysing med personleg rettleiing. Gjennom denne prosessen skal studentane ikkje berre lære seg å gjengi hovudtrekka i idéhistoriske utviklingsliner og samanhengar, men også å opparbeide evne til å diskutere og ta kritisk og entusiastisk stilling til tekstar, tankar og posisjonar som dei blir kjent med gjennom studiet.

Videre studiemuligheter

Eit idéhistoriestudium på minimum 60 studiepoeng gir kompetanse til å undervise i idéhistorie og filosofi i grunnskole og vidaregåande skole. Idéhistoriske studiar gir dessutan ein breiddeinnsikt som vil kunne kome til nytte i mange andre skolesamanhengar, til dømes innan historie- religions- og litteraturundervisning. Den breiddeinnsikta ein opparbeider vil også være svært tenleg i høve til sentrale arbeidsområde innan kulturlivet, slik som journalistikk, mediearbeid og forlagsverksemd.

Studium i Idéhistorie på minimum 80 studiepoeng ved Høgskolen i Telemark kan utgjere fordjupingsdelen i ein BA-grad.

 

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Idéhistorie årsstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
3351 Idéhistorisk oversikt 20,00 O 20  
3356 Opplysningstida 10,00 V 10  
3352 Norsk idéhistorie 10,00 O   10
3353 Menneske, samfunn og stat - politiske
idear si historie
10,00 V   10
3354 Natur, kultur og menneske - natur og
menneskesyn gjennom tidene
10,00 V   10
3355 Tankar om kunsten - estetiske idear si
historie
10,00 V    
3357 Det moderne gjennombrotet i nordisk
litteratur
10,00 V    
3359 Filosofiske klassikere 10,00 V    
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Idéhistoriestudiet ved Høgskolen i Telemark er sett saman av ei rekkje emner med ulikt kronologisk og/eller tematisk fokus.

Det er utarbeidd eigne omtalar og pensumlister for kvart av emna der innhaldet blir nærare spesifisert. Undervisninga i eit kurs går normalt over eitt semester.

Studentar som ønskjer å få godkjent årsstudium i idéhistorie på 60 studiepoeng (tilsvarande grunnfag) eller meir, må ha stått til eksamen i oversiktsemnet på 20 studiepoeng og emnet i norsk idéhistorie. Andre studentar kan etter interesse og behov la eitt eller fleire einskiltemne gå inn i bachelorgraden, sidan alle kursa er sjølvstendige studieeiningar med avsluttande eksamen.

Arbeids- og læringsformer

Det vil bli inntil 3 undervisningstimar pr. veke i kursa på 10 studiepoeng. I oversiktskurset på 20 studiepoeng vil det bli inntil 6 undervisningstimar pr. veke
Undervisninga vil bli fordelt på forelesingar og seminar etter som det er trong for. I alle kurs skal studentane levere ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.

Vurderingsformer

Alle kurs blir avslutta med skriftleg eksamen. For å kunne gå opp til avsluttande skriftleg eksamen må studentane ha levert semesteroppgåvene innan fastsett dato. Endelege karakterar vil bli utrekna slik det er sagt i omtala av kvart einskild emne.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 25.05.2005