449 Informasjonssystemer, bachelor

Målgruppe og opptakskrav

Målgruppe er studentar som har interesse for bruk av IT og korleis verksemder kan utnytte teknologi på ein effektiv måte. Studiet gir brei kompetanse i skjæringspunkta mellom informasjonsteknologi (IT), økonomi, organisasjon og jus. Det er eit stort behov for personar som både har forretningsforståing og god kunnskap om IT for at verksemder skal treffe strategisk rette val. Studiet kvalifiserer for eit bredt spekter av jobbar både innan sjølve IT-sektoren, men og generelt i privat næringsliv og offentleg forvaltning. Typiske arbeidsoppgåver kan vere konsulenttenester, leiing, design og drift av web-løysingar og nettverk, marknadsføring, teknisk sal og opplæring. Opptaksrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Mål for studieprogrammet

Målet med studiet er å gi studentane ei tverrfagleg og yrkesretta utdanning innan informatikk, økonomi, organisasjon og jus. Studiet kvalifiserer for vidare studium på masternivå.

Videre studiemuligheter

Som Bachelor i informatikk og administrasjon er ein kvalifisert for vidare studium på masternivå. Høgskolen har utvekslingsavtaler med ei rekke universitet internasjonalt.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Ny fagblokk
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
5601 Maskin- og programvare 10,00 O 10          
5602 Databaser I 10,00 O 10          
5604 Multimedia 10,00 O 10          
5605 Datanett 10,00 O   10        
5606 Internett 10,00 O   10        
5608 Programmering 10,00 O   10        
5500 Matematikk 10,00 O     10      
5010 Bedriftsøkonomisk analyse og rekneskap 10,00 O     10      
5203 Marknadsføring 10,00 O     10      
5011 Finansrekneskap med analyse 10,00 O       10    
5550 Statistikk I 5,00 O       5    
5212 Organisasjonsfag I 5,00 O       5    
5310 Mikro- og marknadsøkonomi 5,00 O       5    
5350 Forretningsjus 5,00 O       5    
5906 Prosjektstyring 5,00 O         5  
5201 Organisasjonsfag II 5,00 O         5  
5613 IT-ledelse 10,00 O           10
5617 Hovedprosjekt 15,00 O           15
5552 Operasjonsanalyse 5,00 O           5
5611 Systemutvikling 15,00 V            
5551 Statistikk II 5,00 V            
5974 Spesialpensum 5,00 V            
5975 Spesialpensum 10,00 V            
5976 Spesialpensum 6,00 V            
5205 Foretaksstrategi 5,00 V            
5619 Praksis 30,00 V           30
5621 Bildebehandling 10,00 V         10  
5622 Multimediasystem 10,00 V           10
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er ei grunnutdanning med normert studietid på 3 år, og fører fram til graden Bachelor i informatikk og administrasjon. Studiet er delt opp i emne som går over eitt semester.

Dei to første åra tilsvarar det 1-årig studiet i informatikk og det 1-årig studiet i bedriftsøkonomi.

Valemne: Det er mogleg å velje emner innan økonomi, matematikk og språk.

Det blir tatt atterhald om endringar i studieplanen.

Arbeids- og læringsformer

Forelesingar, praktiske øvingar i datalaboratorium med rettleiing og prosjektoppgåver. I siste semester gjennomførast eit større hovudprosjekt. Prosjektet blir gjennomført i grupper og vil som hovudregel ha ekstern oppdragsgjevar.

Forholdet mellom teori/praksis

Studiet er anvendt og tverrfagleg, men behandlar grunnleggjande teori innan fagområda. Det blir lagt vekt på å bruke aktuelle verkty og praktiske eksempel i undervisninga. Det er mogleg å ta inn praksis eller utanlandsopphald som del av studiet, helst i 3. studieår.

Vurderingsformer

Studentanes kunnskapar i alle emne blir evaluert. Det blir nytta varierte evalueringsformer, se emneomtalene. Det blir bruka bokstavkarakterar A-F (med F som ikkje stått).


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Espen Johansen - 27.12.2007