103 Revisjon, fordypning

Målgruppe og opptakskrav

Studiet rettar seg mot alle som ønskjer ei utdanning som kvalifiserer for stillingar innan revisjon, rekneskapsarbeid og økonomi og administrasjon i privat og offentlig verksemd. Opptakskrav er til vanleg bestått eksamen i dei emna som går inn i det 2-årige høgskolekandidatstudiet i økonomi og administrasjon eller tilsvarande utdanning med valkurs innan rekneskap, rettslære og skatterett. Av desse må minst 96 studiepoeng samsvare med emne frå 3-årig studium i revisjon ved Høgskolen i Telemark. Det er krav om minst 12 studiepoeng i Skatterett og i Rettslære. Under elles like vilkår vil søkjarar med 18 studiepoeng i Rettslære og Skatterett gå føre. Søknadene blir vurderte individuelt, og opptaket skjer på grunnlag av utdanning, karakterar og yrkeserfaring innan rekneskap/revisjon. Det kan dispenserast frå opptaksreglane. For dei som blir tatt opp direkte på det 3. året gjeld at ein ikkje får tittelen Bachelor i revisjonsfag før det er avlagt eksamen i alle dei faga som høyrer med til det 3-årige studiet i revisjon ved høgskolen ((inkl karakterkrav i revisjonsfaga).

Mål for studieprogrammet

Revisjonsstudiet skal gi studentane ein teoretisk og yrkesretta utdanning. I dette inngår det at studentane skal opparbeide fagleg innsikt, analytiske evner og problemforståing innan økonomiske, sosiale og politiske system og prosessar. Det vil bli gitt innføring i økonomisk politikk og samfunnsøkonomisk planlegging og bakgrunnen for regulering av verksemd i næringslivet. Studenten skal lære seg prinsipp for leiing og organisasjon, kvalitetsstyring og kommunikasjon. Det vil vidare bli gjennomgått etiske problemstillingar, etiske tradisjonar, normer og verdiar i det moderne samfunn. Det vil og bli lagt vekt på å utvikle sosial kompetanse til bruk i arbeidsgrupper og prosjekt og utvikling av god skriftleg og munnleg kommunikasjon.

Konkret vil dette innebere at studiet skal gi studentane:

  • ei teoretisk utdanning som kvalifiserar for arbeid som er tillagt ein registrert revisor
  • ei teoretisk utdanning som kvalifiserar for arbeid med rekneskaps- og revisjonsoppgåver innan privat og offentleg sektor
  • eit grunnlag for vidare studium til mastergrad i revisjon (statsautorisert revisor) eller annan mastergrad

Viktigaste oppgåva til ein registrert revisor er å utføre revisjon for å stadfeste årsrekneskapen til verksemda (Revisors melding). For å klare dette nyttar han mellom anna ymse verkemiddel som til dømes gjennomgang av dei interne kontrollrutinane for sal, kjøp, lønn, varelager og stikkprøvekontroll av rekneskapsbilag. Det er og viktig å kontrollere at årsrekneskapen er i samsvar med rekneskapslova og skattelova. Krava som er sette til ein revisor og det arbeidet han gjer, finn ein dels i lover om revisjonsplikt, dels i administrative føresegner og dels følgjer dei av revisjonsteori og grunnsetningar for god revisjonspraksis. I tillegg kjem ei rekkje andre oppgåver som det er naturleg å løyse for ein registrert revisor. Ein kan her nemne rådgiving for bedriftsleiinga når det gjeld rekneskapsføring, skatte- og avgiftsspørsmål, genereasjonsskifte, rekneskapsanalyse, ulike konsulentoppdrag for andre enn revisorkundar o.l.

Revisorstudiet kvalifiserer og for andre stillingar innanfor området for økonomi- og administrasjon i verksemder og innanfor offentlig sektor. Grunnlaget for det er at studiet gir ein god innføring i:

  • føring av rekneskap
  • utarbeiding av årsrekneskap og konsernrekneskap
  • analyse og forståing av årsrekneskap
  • skattereglar for selskap
  • organisasjonsstrukturar og -utvikling og personalhandsaming
  • administrative rutinar og endring av slike rutinar
  • økonomiske kalkulasjonar og utrekningar i samband med interne avgjerder

Videre studiemuligheter

Fullført studium med karakteren C på dei 4 offentlege revisoreksamenane og eit vekta karaktersnitt på minimum C, gir grunnlag for opptak til masterstudiar i revisjon og rekneskap.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Ny fagblokk
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
5101 Årsrekneskap og god rekneskapsskikk 15,00 O 5 10
5106 Revisjon 20,00 O 10 10
5103 Rekneskapsorganisasjon og -system 5,00 O 5  
5355 Skatterett revisoreksamen 20,00 O 10  
5104 Rekneskap og budsjettering i offentleg
sektor
5,00 O   5
5105 Rekneskapsteori 5,00 O   5
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er 1-årig og gir 60 studiepoeng. Studiet byggjer på 2-årig studium i økonomi og administrasjon eller tilsvarande utdanning, sjå punktet Målgruppe og opptakskrav. Fullført studium (3 år) gir tittelen Bachelor i revisjonsfag.

Studiet er delt opp i emne som varer 1 eller 2 semester med 3-8 undervisningstimar i veka. Kvart emne gir studiepoeng som svarar til den arbeidsmengda emnet krev. Heile studiet er på 60 studiepoeng som fordelar seg med omlag 30 studiepoeng på kvart semester.

Det blir tatt atterhald om endringar i studieplanen.

Arbeids- og læringsformer

Det vil bli nytta varierte arbeids- og undervisningsformer i emna som inngår i studieplanen, til dømes forelesingar, emne/seminar, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver og eksamenar. Tradisjonelle forelesingsformer kan bli supplerte med aktiv bruk av e-post, internett og databasert modellverkty.

Forholdet mellom teori/praksis

For å bli registrert revisor, må ein etter fullført studium med oppfylte karakterkrav (tilleggskrav frå Kredittilsynet), ha minimum 3 års variert revisjonspraksis og bestått ei praktisk prøve etter avslutta praksisperiode.

Vurderingsformer

Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Det vil bli nytta varierte evalueringsformer. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene. Det blir nytta graderte karakterar (A-F med F som ikkje bestått). For å få vitnemål (graden Bachelor) i revisjon må ein oppfylle kravet til å bli registrert revisor. Det vil seie at ein må ha fullørt studiet etter gjeldande studieplan og ha greidd karakteren C eller betre i Skatterett, Rettslære, Revisjon og Årsrekneskap/god rekneskapsskikk. Kandidatar som ikkje klarar karakterkrava, kan få tittelen Bachelor i økonomi og administrasjon.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 02.02.2007