927 Kuratorarbeid - utstilling og formidling, årsstudium

Innledning

Studietilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i Telemark, Norske Kunstforeninger og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Studiet er bygd opp med 8 obligatoriske samlingar ulike stader i landet, og er eit deltidsstudium over to år fra haust 06 til vår 08. Fullført studium gir 60 studiepoeng.

I studietida skal studenten ha ein praksisplass ved ein kunstinstitusjon, der studenten skal utføre ein del av heimeoppgåvene sine. Praksisstaden kan for eksempel vere eit museum, ein kunstforening, ein kunsthall, eit kunstnarsenter, eit privat galleri, eit kulturhus, i turneorganisasjonar eller andre typer institusjonar som regelmessig produserer og viser utstillingar. Det skal lagast ei avtale mellom studenten og praksisstaden (der studenten også kan vere tilsett) om gjensidige pliktar og rettar i samband med studiet. Praksisstaden bør kunne gi rettleiing til studentane, eller rettleiing kan bli gitt utanfrå. Også studiet sine faglærarar vil fungere som rettleiarar.

Målgruppe og opptakskrav

Studiet er lagt opp for personar med tilknyting til ein kunstinstitusjon som regelmessig skipar til kunstutstillingar, anten dei er tilsette, engasjerte, tillitsvalde, praktikantar eller har andre faste eller mellombels tilknytingsformer. Studiet vil også egne seg for dei som treng eit praktisk-teoretisk innslag i, eller supplement til, eit bachelor- eller masterutdanning i kunsthistorie, kulturarbeid, pedagogikk eller andre kulturfag, eller til ei kunstnarutdanning.

For opptak til studiet krevst i tillegg til generell studiekompetanse:

- dokumenterte basiskunnskapar i norsk og europeisk kunsthistorie
- ei viss innsikt i, og helst også noko erfaring frå kunstfeltet
- tilgjenge til og dugleik i bruk av internett
- høve til å vere med på samlingar ulike stader i landet, ca 5 dagar i slengen

Mål for studieprogrammet

Studiet vil gjere studentane betre i stand til å forstå, planlegge, arrangere og evaluere kunstutstillingar og formidlinga av dei. Det skal kvalifisere studentane for kuratorarbeid i vid forstand, i ein situasjon der det blir opna for nye tendensar og arbeidsformer på feltet:

- tverrfagleg arbeid i regionale og nasjonale nettverk
- visuell kunst i vid forstand: Biletkunst, kunsthandverk, design, folkekunst og arkitektur
- konseptutvikling og utstillingsdesign tilpassa ulike målgrupper og visingsstader
- prosjektorganisering og styring som arbeidform og virkemiddel
- skoleretta formidlingsopplegg, særleg innanfor "Den kulturelle skolesekken"
- digitale verktøy og internett, brukt både i informasjon og formidling.

Videre studiemuligheter

Dersom ein fullfører alle fire fordjupingsemna, vil studiet gje i alt 60 studiepoeng innanfor universitets- og høgskolesystemet. Studiet vil kunne gå inn som ledd i ein bachelorgrad.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Fleksibelt deltidsstudium i kunstformidling
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
3490 Kuratorarbeid: Utstilling 15,00 O 15      
3491 Kunstverk - kontekst og tolking 15,00 O   15    
3492 Kuratorarbeid - Formidling 15,00 O     15  
3495 Prosjekt kuratorarbeid 15,00 O       15
Sum: 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er delt opp i modular, med fire hovudemne og åtte obligatoriske samlingar. Studentene kan ta einskildmodular, men ved opptak vil studentar som ønskjer å ta heile studiet bli prioritert. Samlingane går føre seg på ulike stader i landet, og blir gjennomført i nær tilknyting til kunstinstitusjoner på staden. Det siste hovudemnet er eit prosjekt, som helst skal gjerast på praksisstaden. Prosjektet skal planleggast under heile studiet.

Mellom samlingane skal det gjerast obligatoriske heimeopppgåver, vesentlig i form av praktis-teoretiske oppgåver på praksisstaden. Desse oppgåvene vil bli vurdert, og vil vere ein del av den samla vurderinga. Mellom samlingane skal pensum lesast.

Arbeids- og læringsformer

Studiet er delt opp i fire hovudemnerog kvart hovudemne i to til fire delemne, fordelt på 8 samlingar.Prosjektet vil ha ei felles samling, supplert med besøk av faglærarar på praksisstaden. Framfor kvar samling blir det gitt obligatoriske øvingsoppgåver, etter kvar samling blir det gitt obligatoriske heimeoppgåver som skal vere bestått, og etter kvart hovudemne er det eksamen med graderte karakterar.

Under samlingane er det forelesingar, seminar, ekskursjonar, øvingar og samtaler.

HiT har et IT-opplegg for kontakt mellom lærarar og studentar, Class-Fronter, og det er ein fføresetnad at alle studentar bruker dette. Det vil bli gitt undervisning i dette under første samling.

Forholdet mellom teori/praksis

Studiet er lagt opp som eit møte mellom teori og praksis, der praksis blir sett i lys av teorien og teorien i lys av praksis. Det gjer ein ved å arrangere samlingar ulike stader i landet, og knytte samlingane til viktige kunstinstitusjonar, og ved at alle studentane har ein praksisstad der dei skal gjere sine praktiske og teoribaserte heimeoppgåver. Møtet med medstudenter, med lærarar, kunstnarar og andre som driv med formidling vil inspirere framtidig arbeid på dette fagområdet. Studiet vil derfor gi deltakarane eit personleg nettverk dei seinare kan dra nytte av.

Vurderingsformer

Underveisvurderingar i form av individuelle heimmeoppgåver som skal gjerast i tilknyting til praksisplassen og dokumenterast ved rapport eller presentasjon av oppgåva. Også skriftlege teoretiske oppgåver vil bli gitt som heimeoppgåver. Praktiske øvingar, arbeid og utstilling blir og brukt som vurderingsform, saman med ekskursjons- og prosjktrapportar. Det skal leverast ei obligatorisk heimeoppgåve for kvart delemne som må vere bestått for å kunne gå opp til slutteksamen i hovudemnet.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 12.02.2007