456 Litteratur og språk, bachelor

Målgruppe og opptakskrav

Målgruppe er alle søkjarar med interesse for språk og litteratur og som ønskjer seg brei kompetanse innan engelsk og/eller norsk, anten til bruk i undervisning eller i anna arbeid som krev gode språkkunnskapar. Det er og mogleg å velge spansk som del av graden. Opptakskrav er generell studiekompetanse.

Mål for studieprogrammet

Fordjupinga i engelsk gir ei grundig innføring i britisk og amerikansk litteratur og kultur, kunnskap om tilhøva i resten av den engelskspråklege verda, ei brei innsikt i engelsk grammatikk og fonetikk, og i den munnlege bruken av språket.

Fordjuping i norsk skal gi ei grunnleggande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv. Dei fire emna som utgjer årsstudiet i norsk, til saman 60 studiepoeng (sjå nedanfor), sikrar breidd og innsikt i faget, og kvalifiserer for undervisning i norsk i ulike skoleslag.

Spansk språk og kultur kan velgjast inn i båe fordjupingsalternativa, og vil kunne gi undervisningskompetanse i grunnskolen.

Videre studiemuligheter

BA i litteratur og språk gir ei interessant, nyttig og variert utdanning som kan brukast innan både skole og ei rekkje andre arbeidsområde, som forlag, massemedia, informasjonsarbeid, reiseliv, internasjonalt arbeid o.l. Studiet er fleksibelt strukturert: du kan velje ei fordjuping på 80 studiepoeng i anten engelsk eller norsk, eller du kan ta ei full fordjuping på 180 studiepoeng (inkl. ex.phil og ex.fac.) i engelsk, eller inntil 100 studiepoeng i norsk. Inntil 60 studiepoeng spansk kan inngå i graden.I alle høve er det mogleg å ta delar av studiet ved eit utanlandsk universitet som Høgskolen i Telemark samarbeider med. Varianten med full fordjuping i engelsk inneber eit heilt studieår i utlandet. Fordjupingane i norsk og engelsk gir undervisningskompetanse i desse faga dersom ein vel minst 20 studiepoeng språk og tilsvarande i litteratur og i tillegg har praktisk pedagogisk utdanning. For dei som tenkjer seg å bruke utdanninga i skolen, rår ein til å kombinere ei 80-studiepoengs fordjuping med eit årsstudium i eit anna skolefag.

Einskildemne kan også gå inn i andre bachelorstudium

Bachelor i litteratur og språk gir grunnlag for søknad til master i kulturstudiar og med atterhald om spesielle krav ved andre høgskolar og universitet gir graden grunnlag for fleire typar MA-studium.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Fordjuping i engelsk, eksempel på studieplan
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
2005 Introduction to English Language 10,00 O 10          
2001 Introduction to British Studies 10,00 O   10        
3524 Examen Philosophicum 10,00 V 10   10   10  
2000 Practical English 10,00 V 10          
2003 Introduction to American Studies 10,00 O 10          
2002 British Literature and Culture 1600-1950 10,00 O   10        
2006 Sounds and Structures of the English
Language
10,00 O   10        
2021 British Romanticism 10,00 V     10      
2022 Emigration/Immigration: Midwestern Texts 10,00 V     10      
2025 Social and Regional Accents of English 10,00 V     10      
2701 Lingvistikk 10,00 V   10   10   10
2112 Språket i utvikling og variasjon 15,00 V       15    
2300 Innføring i spansk 15,00 V           15
2004 American Topics 10,00 V       10    
2111 Grammatikk og pragmatikk 15,00 V         15  
2113 Litteratur før 1900 15,00 V         15  
2115 Fantastisk litteratur 10,00 V         10  
2114 Litteratur etter 1900 15,00 V           15
2301 Spansk språk og kultur I 15,00 V       15    
2150 Praktisk norsk i forvaltninga 5,00 V       5    
2107 Folkedikting og folkekultur 10,00 V           15
2116 Ungdomsspråk 10,00 V           10
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Fordjuping norsk, eksempel på studieplan
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
2111 Grammatikk og pragmatikk 15,00 O 15          
2113 Litteratur før 1900 15,00 O 15          
3524 Examen Philosophicum 10,00 V 10   10   10  
2112 Språket i utvikling og variasjon 15,00 O   15        
2114 Litteratur etter 1900 15,00 O   15        
2108 Ibsen og det moderne gjennombrotet 10,00 V     10      
2109 Språkvariasjon og normering 10,00 V     10      
2701 Lingvistikk 10,00 V   10   10   10
2004 American Topics 10,00 V   10        
2001 Introduction to British Studies 10,00 V       10    
2107 Folkedikting og folkekultur 10,00 V       10    
2110 Tekstteori og analyse 10,00 V         10  
2005 Introduction to English Language 10,00 V     10      
2003 Introduction to American Studies 10,00 V         10  
2000 Practical English 10,00 V         10  
2115 Fantastisk litteratur 10,00 V         10  
2300 Innføring i spansk 15,00 V           15
2002 British Literature and Culture 1600-1950 10,00 V           10
2006 Sounds and Structures of the English
Language
10,00 V           10
2301 Spansk språk og kultur I 15,00 V         15  
2116 Ungdomsspråk 10,00 V           10
2150 Praktisk norsk i forvaltninga 5,00 V           5
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studentane kan velje fordjupning i norsk eller engelsk.

Fordjupning engelsk: Minst 80 studiepoeng, eventuelt opp til 90. Ein kan også velje 160 studiepoeng engelsk ved å ta tredje studieår ved eit samarbeidande universitet i utlandet. Alternativt kan ein velgje fordjuping i engelsk på 80 (evt. 90) studiepoeng. Dei resterande 80 (70) studiepoenga kan veljast innafor studium i norsk, spansk, eller andre fagområde ved instituttet.

Fordjupning i norsk: Minst 80 studiepoeng, eventuelt opp til 100 studiepoeng. Dei siste 80 studiepoenga kan nyttast til emne, emnegrupper eller årsstudium i t.d. engelsk, spansk eller andre fagområde ved instituttet.

Ex.phil. og lingvistikk er obligatoriske emne i båe studieretningane og ein rår til at desse emna blir tekne i løpet av dei to første åra.

Ein gjer merksam på at ein kan ta dei einskilde studieemna i anna rekkjefølge enn slik det er vist i tabellen.

Arbeids- og læringsformer

Arbeids- og undervisningsformene både forelesingar, seminar, skriftleg og munnleg prosjektarbeid og innleveringar/heimeoppgåver. Dei som vel engelsk skal i tillegg ha ein to-vekers ekskursjon til Det norske studiesenteret i Storbritannia, York.

Vurderingsformer

Alle emna vil ha ei blanding av undervegsvurdering og sluttprøving. Formene vil variere frå emne til emne, men i løpet av studiet vil det bli nytta både mappeevaluering, heimeeksamen, munnleg eksamen og skriftleg skoleeksamen. Sjå nærare omtale under dei enkelte emna.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 26.01.2007