850 Spansk, Porsgrunn
Innledning
I studieåret 1007/2008 vil høgskolen tilby inntil 45 studiepoeng i spansk. Interesserte kan søkje på heile studiet, eller på dei einskilde emna. Alle tre emna kan gå inn i BA i litteratur og språk eller i andre BA-gradar etter søknad.
Vi gjer merksam på at dersom ein ønsker full studiebelastning, må studentane velje 15 studiepoeng i tillegg frå andre program, t.d. ex.phil, lingvistikk el.l.
Målgruppe og opptakskrav
Målgrupper er studentar som ønskjer grunnopplæring i spansk språk og kultur, og lærarar eller lærarstudentar som ønskjer undervisningskompetanse i spansk i grunnskolen.
Opptakskrav er generell studiekompetanse og det er ikkje krav om spansk frå vidaregåande skole for opptak til innføringsemnet. Dersom ein har B-/eller C-språk i spansk frå vgs kan ein starte direkte på emnet Spansk språk og kultur I
Mål for studieprogrammet
Studiet skal gi grunnleggjande kunnskapar om språk, kultur, historie og samfunnstilhøve i spansktalande land. Det vil bli lagt inn i undervisnings fagdidaktiske emne , slik at kunnskapane skal kunne nyttast i undervisningssamanheng.
Gjennomført 30 studiepoeng i tillegg til innføringsemnent vil gi undervisningskompetanse i grunnskolen.
Videre studiemuligheter
Studiet kan vere grunnlag for vidare studiar i spansk språk og kultur. Det kan inngå i bachelorgrad i litteratur og språk ved HiT, eller i andre BA-gradar etter søknad.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
|
Studiet er sett saman av 3 emner som kvart blir avslutta med eksamen og tel 15 studiepoeng kvar. Sjå skjematisk oversikt nedanfor som viser dei første 2 emna.
Undervisninga i det første emnet vil vere lagt til erttermiddagstid, to kvelder i veka.
Arbeids- og læringsformer
Studiet er sett saman av forelesingar og seminar og det vil vere obligatorisk deltaking i seminara. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og at dei må delta aktivt i undervisninga. I innføringsemnet vil norsk vere hjelpespråk, men i dei andre emna vil undervisninga i hovudsak vere på spansk.
Vurderingsformer
Kvart emne blir avslutta med ein munnleg og ein skriftleg eksamen som kvar tel 50% av sluttkarakteren. Ein nyttar bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og E er lågaste ståkarakter. Både munnleg og skriftleg prøve må vere bestått for å få bestått i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Mette Venheim <mette.venheimSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Birgit Norendal - 09.05.2007