FKUN3 Folkekunst - tre - metall - tekstil 3, fordypning

Innledning

Folkekunst 3, fordjuping er det 3. året i ei bachelorgrad i folkekunst, og studiet blir såleis eit fullverdig tilbod til dei studentane som vel å fullføre alle tre studieåra i bachelorgraden sin ved Institutt for folkekultur. Studiet er sett sman av to 30 studiepoengseiningar og går over to semester. Det vert også mogleg å ta delar av studiet i utlandet. Studieopphaldet i utlandet i dette tredje året vert lagt til vårsemesteret.

Målgruppe og opptakskrav

Studiet er retta inn mot studentar som har fullført folkekunst, årsstudiet og folkekunst, fordjuping, og det tek sikte på å gje desse studentane spisskompetanse innan deira materialområde.

Det kan også vere aktuelt å ta inn studentar med annan og tilsvarande bakgrunn, studentar som ynskjer å fordjupe seg innan sine materialområde, td. studentar frå kunsthøgskolar, og det kan vere eit tilbod til studentar i det tredje året i ei faglærarutdanning i formgjeving, kunst og handverk.

Opptakskrav:

Studentane må ha fullført årsstudiet og fordjupingsstudiet i folkekunst eller

tilsvarande to år høgare utdanning med spesialisering innan eitt materialområde

Mål for studieprogrammet

I dette andre fordjupingsåret i folkekunst skal studentane vidareutvikle ferdigheitene sine i å formgje i eit materiale. Å meistre eit materiale på ein slik måte at ein kan kombinere teknikkar og estetisk kompetanse for å nå sine mål uttrykt i form av ein gjenstand, krev lang læringstid.

Dei to første studieåra i folkekunst har hatt eitt fokus på breidde og å gje studentane ei oversikt over teknikkar, materialkunnskap og formspråket i tradisjonskunsten.

Det naturlege er at ein etter kvart vel ei retning å spesialisere seg i. I dette tredje året må studentane velje bort noko og gå i djupna på eit valt område.

Videre studiemuligheter

Eit treårig bachelorstudium i folkekunst vil kvalifisere for opptak til masterstudium i tradisjonskunst eller masterstudiet i formgjeving, kunst og handverk.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning



Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
60FKUN3 Tradisjonsbasert design 30,00 O 30          
60FKUN3P Bacheloroppgåve - avsluttande prosjekt 30,00 O   30        
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er delt opp i to einingar på 30 studiepoeng, den eine vert avslutta i haustsemesteret og den andre i vårsemesteret. Dei tre første delemna vert det undervist i om hausten, og delemne 4 skal gjennomførast i vårsemesteret.

Bacheloroppgåva i vårsemesteret byggjer på undervisninga om hausten.

Studentane skal få høve til å fordjupe seg innan sine fagfelt, både teoretisk og praktisk.

Delemne 1:Materiale, form og teknikk (20 studiepoeng)

Delemne 2: Fagteori (5 studiepoeng)

Delemne 3: Forskingsmetodikk og FoU-arbeid ( 5 studiepoeng)

Delemne 4: Bacheloroppgåve – avsluttande prosjekt (30 studiepoeng)

Arbeids- og læringsformer

Arbeids og læringsformer

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, ekskursjonar og sjølvstudium. Haustsemesteret har mest direkte undervisning, medan vårsemestert er lagt opp til stor grad av sjølvstudium. Undervisninga i haustsemesteret vil bli organisert i faste vekedagar og intensive bolkar i tilknytning til oppstart og innføring av nye tema.

Etter at prospektet for fordjupingsoppgåva er godkjent i vårsemestert, må studenten sjølve arbeide for å hente inn kunnskap, både teoretisk og praktisk kunnskap gjennom arbeid innan sitt materiale, fram til endeleg bacheloreksamen.Det vert organisert 3 obligatoriske vekesamlingar i delemne 4 i vårsemesteret, der studentane legg fram arbeidet sitt og får tilbakemeldingar.

Vurderingsformer

Det tredje studieåret i folkekunst gjev 60 studiepoeng og er sett saman av to 30 studiepoengseiningar. Den eine bolken på 30 studiepoeng vert avslutta i haustsemesteret, og den andre bolken vert avslutta i vårsemesteret. Det vert ført to delkarakterar på vitnemålet.

Haustsemester, 30 studiepoeng

Arbeidskrav som må vere gjennomførte for å få vitnemål:

1 studieoppgåve vurdert til bestått / ikkje ikkje bestått i delemne 1

2 studieoppgåver vurdert med karakter i delemne 1

1 skriftleg prøve, 4 timar i fagteori

Studieoppgåver med karakter tel 75 % av karakter

Skrifteg prøve i fagteori tel 25 % av samla karakter

Vårsemester, 30 studiepoeng

Arbeidskrav som må vere bestått for å få vitnemål:

Studenten må ha delteke på dei 3 obligatoriske vekesamlingane

Studenten skal møte opp til obligatoriske rettleiingstimar

Bacheloroppgåve - avsluttande prosjekt vert vurdert med karakter og tel 100 % av karakteren

Bacheloroppgåva skal presenterast ved avslutninga av studieåret.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 11.11.2010