443 Folkemusikk, bachelor
Innledning
Bachelorstudiet i folkemusikk er eit treårig studium der dei to første åra inneheld ei innføring, og vidare ei fordjuping, innan emnet norsk folkemusikk. Det tredje året skal styrkje profilen til bachelorgraden.Hovudmål for tredjeårsstudiet er at studentane utviklar ein spisskompetanse med basis i dei to føregåande studieåra.
Ein kan nevne at folkemusikkstudiet har gode kontaktar med nordiske og andre europeiske folkemusikkutdanningar, der det kan vere aktuelt å vere delar av det tredje studieår.
Målgruppe og opptakskrav
Bachelorstudiet i folkemusikk er eit tilbod til dei som er interessert i utøving av folkemusikk og i formidling av norsk folkemusikk. Opptakskrav er studiekompetanse eller realkompetanse.
Mål for studieprogrammet
Bachelorstudiet i folkemusikk skal gje studentane ei innføring, og vidare ei fordjuping, i norsk folkemusikk.
Den utøvande og formidlande sida vert vektlagt, særleg i det andre året og tredje året. Studentane vel eit hovudinstrument dei vil arbeide med dei i dei tre åra. I det tredje året kan studentane sjølv velje ei retning gjennom eit større prosjektarbeid som styrkjer bachelorstudiet og gjev det ein profil, anten i praktisk eller i teoretisk retning.
Videre studiemuligheter
Bachelorstudiet i folkemusikk kan vere eit grunnlag for opptak til masterstudiet i tradisjonskunst, eller andre masterstudium.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
emneoversikt
|
Bachelorstudiet i folkemusikk er sett saman av Folkemusikk I, Folkemusikk 2 og Folkemusikk 3.
Arbeids- og læringsformer
Arbeids- og undervisningsformer i studiet er forelesingar, individuell undervisning (hovudinstrument), gruppeundervisning, seminar, ekskursjonar, heimeoppgåver og prosjektarbeid. Konsertverksemd, kappleiksarrangering og undervisningspraksis er også aktuelt i periodar av studietida.
Forholdet mellom teori/praksis
Målet med praksisen er å gje studentane ei praktisk røynsle med å formidle folkemusikk til andre, anten i samanheng med utøvande verksemd eller allmenn formidling og undervisning. Emnet må sjåast i nær samanheng med folkemusikkformidling og relevant teori.
Vurderingsformer
Vurderingsformene er skriftlege prøver og munnlege framføringar av praktisk (oppspel) eller teoretisk art. I tillegg kjem individuelle prosjektoppgåver og rapportar. Nokre av arbeidskrava vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent medan andre vert vurdert med karakter (sjå studieplan for årsstudium i folkemusikk og for folkemusikk/fordjuping).
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.09.2010