VUKDNOR Norsk 2: 1-7, nett Kompetanse for kvalitet, bachelor
Innledning
Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Gjennom ulike teoretiske tilnærmingar til faget og eit breitt spekter av arbeidsmåtar, vil studenten få ei grundigare forståing for samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
I Norsk 2 skal studenten få utvida forskingsbasert innsikt i norsk språk, tekstkunnskap og fagdidaktikk. Det historiske perspektivet på norskfaget og det norske språket vil bli særleg framheva. Studenten vil få innsikt i korleis det norske språket har endra seg gjennom tidene, og slektsskapet til dei andre nordiske språka. Studiet vil og gi forskingsbasert innsikt i teoriar om lesing og skriving, særleg retta mot den andre lese- og skriveopplæringa.
Ein annan viktig del av studieprogrammet er nordisk barne- og ungdomslitteratur. Studiet vil innehalde ei komparativ tilnærming til ulike nordiske barnelitterære tekstar, både skriftlege og samansette. Studenten vil få rettleiing og undervisning i arbeid med litterær analyse, tolkingsteori og litteraturdidaktikk.
Kunnskap om retorikk og munnleg arbeid i klasserommet står og sentralt i norskfaget. Retorikken inneheld omgrep til å skape og vurdere munnlege tekstar, samtidig som den gjev oss verktøy til å analysere både læreboktekstar, skjønnlitterære tekstar og samansette tekstuttrykk.
Norsk 2-studiet skal byggje på forskingsbasert kunnskap, samtidig som vi stiller krav til studenten om å skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.
Målgruppe og opptakskrav
Lærere som ønsker vidareutdanning i norsk språk og litteratur. Norsk 2 byggjer på Norsk 1 eller tilsvarande.
Mål for studieprogrammet
Målet for studieprogrammet er å styrke kompetansen i norsk muntlig og skriftlig, og gje studenten ei grundigare forståing for samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Læringsutbytte
- kunnskap om språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- kunnskap om nordisk barne- og ungdomslitteraturforsking
- kunnskap om tekstteori, og didaktisk teori knytta til den andre lese- og skriveopplæringa
- kunnskap om retorikken som tolkingsverktøy, og som teoretisk grunnlag for utvikling av munnleg kompetanse
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Emner:
|
Norsk 2 - Glu 1-7, EVU (etter- og videreutdanning) er eit nettbasert årstudium som består av to modular tilsvarande 30 studiepoeng: Modul 3. Litteratur og språklege emne i nordisk perspektiv, NOR 103, og Modul 4. Lese- og skriveopplæring og samansette tekstar i nordisk perspektiv, NOR 104.
Arbeids- og læringsformer
Studenten må reikna med ein arbeidsressurs tilsvarande ein halv arbeidsdag pr. uke.
Det pensumrelaterte fagstoffet vil leggjast ut som undervisningsvideoar og andre digitale læringsressursar på nettet. Arbeids- og læringsformer vil i hovedsak vere basert på individuelt arbeid med stoffet, men undervisninga vil også organiserast som lærarstyrt seminar, dels som studentstyrt gruppearbeid med rettleiing på nett.
Forholdet mellom teori/praksis
Kvar enkelt student vil få rettleiing av faglærar, bl.a. i form av praksisrelaterte samtalar på nettet. Innleveringsoppgåvene vil også være praksisretta, og emna for det norskfaglege tekstarbeidet vil vere relevante for skolearbeidet på eigen arbeidsplass.
Vurderingsformer
Du vil som student møte to former for vurdering i studiet - undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga i modul 1 består av to skriftlege innleveringar på nynorsk. Sluttvurderinga etter modul 103 vil vere ein individuell skriftleg eksamen, valfri målform. Undervegsvurderinga i modul 2 vil vere ei skriftleg innlevering på bokmål, og eit munnleg framlegg. Sluttvurdering etter modul 104 er skriftleg heimeoppgåve i språkleg eller litterær fordjuping, valfri målform, og ein individuell munnleg eksamen. Sjå elles nærare presisering i emneplanen for dei enkelte modulane.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Jorunn Halvorsen <jorunn.halvorsenSPAMFILTER@hit.no>,Unni Solberg <unni.solbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 16.05.2015