395 Bachelorstudium i informatikk
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppe er studentar med interesse for informatikk som fag og yrke. Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse + 2MX, 2MY eller 3MZ.
Mål for studieprogrammet
Formålet med studiet er å gi kandidatar ei omfattande yrkesretta utdanning i informatikk. Studiet kvalifiserer for eit breitt spekter av jobbar innan IT-sektoren, i privat næringsliv og offentleg forvaltning. Typiske arbeidsoppgåver kan vere innan systemutvikling og programmering, etablering og drift av nettbaserte informasjonssystem, opplæring og konsulenttenester.
Videre studiemuligheter
Studiet gir også eit godt grunnlag for vidare studium. Som Bachelor i informatikk er ein kvalifisert for vidare studium på masternivå.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Ny fagblokk
|
Studiet er ei grunnutdanning med normert studietid på 3 år, og fører fram til graden Bachelor i informatikk.
Studiet er delt opp i emne som til vanleg går over eitt semester.
Valemne
I studieplanen er det sett opp forslag til valemne, men studentane kan velje valemne fritt innanfor høgskolens studieprogram, sjå og studieplanar for andre studium ved høgskolen. Timeplan og eksamensplan kan avgrense dette valet noko. I nokre samanhengar vil det vere viktig å passe på at ein vel rett valemne med tanke på opptak til andre studium.
Arbeids- og læringsformer
Arbeids- og undervisningsformene i studiet omfattar:
- Forelesingar
- Øvingar i datalaboratorium med rettleeing
- Eit større prosjektarbeid i grupper med rettleiing
- Mindre prosjektoppgåver integrert i ordinære kurs
- Sjølvstudium
Forholdet mellom teori/praksis
Vurderingsformer
Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 10.05.2005