481 Bachelorstudium i historiske fag
Målgruppe og opptakskrav
Studiet egnar seg for alle som interesserer seg for dei historiske føresetnadene for at dagens samfunn er som dei er. Desse føresetnadene kan sporast attende til ulike samfunn og kulturar, og bachelorstudiet gir høve til å sjå på fortida frå mange ulike synsstader og legge vekt på ulike tema og tidsperioder. Studiet omfattar to hovudretningar, ein allmennhistorisk og ein idéhistorisk. Sjå nærare om emneval nedanfor.
Mål for studieprogrammet
BA i historiske fag gjev ei inngåande forståing av samfunn, kultur og tenkning i eit historisk perspektiv. Utdanninga kan brukast på mange arbeidsområde, som undervisning, journalistikk/massemedia, kulturverksemd, museums- arkivarbeid og saksbehandling innan offentleg og privat administrasjon. Studiet gjev høve til fordjupingar på 80 studiepoeng eller meir i anten historie eller idéhistorie.
Videre studiemuligheter
Fordjupinga/ne i historie/idéhistorie gjev etter nærare reglar undervisningskompetanse i faga. For dei som tenkjer seg å bruke utdanninga i skolen, rår ein til å kombinere fordjupinga med ei 60 studiepoengseining i eit anna skolefag. Dei må ha praktisk pedagogisk utdanning i tillegg. Ein kan nytte ein BA i historiske fag som grunnlag for MA i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark. Likeeins kan ein normalt byggje på graden ved overgang til MA-studium ved andre høgskolar og universitet.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Ein rår til at ex.phil og ex.fac blir tatt i løpet av dei første tre semestra.
Val av fordjuping i historie: Minst 80 av dei 180 studiepoenga skal bestå av emne innan historie, 20 studiepoeng skal vere examen philosophicum og examen facultatum (10 studiepoeng kvar). Etter ønskje kan ein utvide historieemna til 90 studiepoeng. Dei resterande 80 (eller 70) studiepoenga kan veljast innanfor idéhistoriske emne, emne frå norskstudiet eller engelskstudiet ved instituttet.
Val av fordjuping i idéhistorie: Minst 80 av dei 180 studiepoenga skal bestå av emne innan indéhistorie, 20 studiepoeng skal vere examen philosophicum og examen facultatum (10 studiepoeng kvar). Etter ønskje kan ein utvide idéhistorieemna til inntil 90 studiepoeng. Ein vil rå til at at minst 20 studiepoeng er historiske oversynsemne, men ein kan også velje å ta alle 80 studiepoenga innafor historiefaget eller emne frå norskstudiet eller engelskstudiet ved instituttet
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga blir gitt som forelesingar og seminar. I seminara blir pensum meir inngåande drøfta. Det kan vere krav om innlevering av individuelle skriftlege semesteroppgåver/arbeidskrav med obligatorisk rettleiing eller andre krav om deltaking.
Sjå elles omtale under 501 Historie årsstudium og 400 Idéhistorie årsstudium
Vurderingsformer
Alle kurs blir avslutta med skriftleg eksamen. For å kunne gå opp til avsluttande skriftleg eksamen må studentane ha levert semesteroppgåver og eventuelle andre obligatoriske krav innan fastsett dato. Sjå elles nærare opplysningar under kvart einskild emne.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 13.06.2005