113 Reiseliv, fordypning

Målgruppe og opptakskrav

Studiet høver for igangverande studentar såvel som for studentar med tidlegare studieerfaring. Studiet kan og vere eit etterutdanningstilbod for folk med praktisk erfaring frå reiselivsnæringa. Kandidatane skal etter avslutta studium ha eit godt utgangspunkt for arbeid på leiar-/mellomleiarplan innan reiselivsnæringa, med m.a. marknadsføring og drift av reiselivsverksemder, samstundes som det skal kvalifisere for vidare studiar i inn- og utland. Studiet fell saman med det siste året i den 3-årige bachelorutdanninga i reiseliv. Søkjarar må ha fullført 2-årig studium i økonomi/administrasjon, eller ha anna 2-årig utdanning på høgskole-/universitetsnivå. Andre søkjarar vil bli vurderte individuelt.

Mål for studieprogrammet

Målet med studiet er å gje kandidatar med 2-årig økonomisk/administrativ bakgrunn eller anna 2-årig studiebakgrunn, ei yrkesretta påbygging i reiseliv, der det vil bli lagt vekt på marknadsføring, internasjonalisering og strategisk reiselivsutvikling.

Videre studiemuligheter

Studiet kan vere grunnlag for masterstudiar i inn- og utland.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Ny fagblokk
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
5402 Reiselivsøkonomi/reiselivsgeografi 20,00 O 20  
5902 Tverrkulturell kommunikasjon 10,00 O 10  
5415 Praksis, reiseliv 30,00 V   30
5971 Studieopphald i utlandet, reiseliv 30,00 V   30
5210 Marknadsanalyse og prosjektarbeid,
reiseliv
20,00 V   20
5211 Personalleiing og organisasjonsutvikling 10,00 V   10
5357 Arbeidsrett 5,00 V   5
5979 Innføring i utviklingsstudium 10,00 V   10
5020 Business, Innovation and Cultural
Diversity
5,00 V   5
5019 International Finance 10,00 V 10  
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er 1-årig og gir 60 studiepoeng. Studiet byggjer på 2-årig høgskole-/universitetsutdanning. Dei som gjennomfører studiet med minst 60 studiepoeng til saman, vil få vitnemål frå 1-årig påbyggingsstudium i reiseliv. Studiet vil kunne gå inn som del av ein bachelorgrad etter nærare fastsette reglar. Studiet vil og kvalifisere til opptak til høgare grads studium ved høgskolar og universitet i Noreg eller utlandet.

I vårsemesteret kan studentane velje mellom studiar ved høgskolen, godkjent praksisopphald i inn- eller utland eller studieopphald i utlandet.
Eventuelle ekskursjonar må sjåast på som obligatoriske, og studentane må rekne med å betale heile eller delar av desse ekskursjonane sjølve.

Valemne
I studieplanen er det sett opp forslag til valemne, men studentane kan velje valemne fritt innanfor høgskolens studieprogram, sjå og studieplanar for andre studium ved høgskolen. Timeplan og eksamensplan kan avgrense dette valet noko. I nokre samanhengar vil det vere viktig å passe på at ein vel rett valemne med tanke på opptak til andre studium.

Det blir tatt atterhald om endringar i studieplanen.

Arbeids- og læringsformer

Det vil bli nytta varierte arbeids- og undervisningsformer i emna som inngår i studieplanen, til dømes forelesingar, emne/seminar, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver og ekskursjonar. Tradisjonelle forelesingsformer kan bli supplerte med aktiv bruk av e-post, internett og databasert modellverkty.

Forholdet mellom teori/praksis

Studiet har ein teoretisk basis, men det vil bli lagt vekt på å nytte mest mogleg praktiske døme i undervisninga. I siste semester i det tredje studieåret vil det vere mogleg å velje mellom ein praktisk variant og to meire teoretiske variantar. Studiar/praksis i dette semesteret kan gå føre seg utanlands.

Vurderingsformer

Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene. Vi tek atterhald om at det kan bli gjort endringar i evaluerings- og eksamensformer i samsvar med retningslinene i reforma i høgare utdanning.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 04.01.2007