517 Examen philosopicum og examen facultatum
Innledning
Examen philosophicum og eventuelt examen facultatum vil vere obligatoriske innslag i dei fleste bachelorgradar med humanistiske og samfunnsvitskaplege fag og språkfag.
For å få eit fullt semester med desse studia, må ein fta eit 10 studiepoengsemne i tillegg, sjå lista nedanfor med forslag.
Målgruppe og opptakskrav
Examen philosophicum og examen facultatum går inn som obligatoriske delar i bachelorstudiar ved HiT i tradisjonelle universitetsfag (dvs. i dei fagstudia der universiteta krev examen philosophicum/examen facultatum). For andre studiar ved HiT er examen philosophicum og examen facultatum eit tilbod til studentar som ønskjer eit allment grunnlag for høgskolestudiane sine, i tillegg til at det vil være retta mot studentar som planlegg universitetetsstudiar.
Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Mål for studieprogrammet
Det primære målet med studiet er å gi studentane eit allment grunnlag for studiar på høgskole- og universitetsnivå. Studentane får ei innføring i teoretiske, praktiske og etiske problemstillingar som er relevante i høve til ulike vitskaplege disiplinar og verksemder. Gjennom denne innføringa skal studentane kunne utvikle evne til å nærme seg faglege og teoretiske emne på ein meir sjølvstendig og systematisk måte.
Videre studiemuligheter
Studiet er eit todelt grunnstudium: Det består av examen philosophicum og examen facultatum - allmennfaglig variant der kvar av dei to delane kvar for seg har eit omfang på 10 studiepoeng. Kvar del kan tas for seg, uavhengig av den andre. Studiet har ein førebuande karakter, og det kan være nyttig for studentane å ta det tidleg i studieløpet sitt. Ex.phil vil normalt gå i haustsemesteret og ex.fac. i vårsemesteret. For å få fullt semester trengs det eit tillegsemne på 10 studiepoeng.
Dette kan vere kurs i lingvistikk, miljøfilosofi og etikk eller emne frå andre studium ved instituttet.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Examen philosophicum
|
Examen philosophicum og examen facultatum ved Høgskolen i Telemark er førebuande studiar samstundes som dei skal tilføre dei einskilde studieløpa ein tverrfagleg dimensjon, som ofte er fråværande i dei spesifikke fagstudia.
Arbeids- og læringsformer
Uundervisninga har form av forelesingar og seminar. 3 timar forelesingar pr.veke og seminar etter behov for kvart av emna. Studentane har høve til å levere inn svar på rettleiingsoppgåver og få kommentar av faglærar
Vurderingsformer
Vurderingsformer vil vere innlevering av oppgåver og individuelle slutteksamenar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 23.01.2007