918 Natur-, helse- og miljøvern, master

Målgruppe og opptakskrav

Mastergradsstudiet er særleg retta mot søkjarar med fagleg bakgrunn innan natur-, helse- og miljøvernfag, realfag, lærarutdanning med naturfag, sjukepleierutdanning med relevante tilleggsfag, eller anna relevant utdanning. Studiet er også aktuelt som vidareutdanning for yrkesaktive som har ulik profesjonsbakgrunn, og som ønskjer å betre dei faglege kvalifikasjonane sine. Undervisninga er lagt opp slik at det også er mogleg å gjennomføre studiet på deltid.

Opptakskrav
For opptak til mastergradsstudiet er det krav om bachelorgrad (eller cand.mag.grad), som inkluderer 60 studiepoeng innan relevante naturfag/miljøfag. Alternativt kan ein supplere med slike fag i tillegg. Ved opptak blir det lagt vekt på relevant fagleg bakgrunn i høve til aktuell rettleiarkompetanse. Karakternivået til søkjarane vil bli vurdert individuelt. Eventuell relevant yrkespraksis kan og bli vurdert i tillegg til utdanningsbakgrunn.

Mål for studieprogrammet

Siktemålet med mastergradsstudiet er å gi studentane gode fleirfaglege kunnskapar om natur, helse og/eller miljø ved at dei får høve til fagleg fordjuping i korleis samspel og prosessar i naturen regulerer ressursane, eller korleis dette verkar inn på mennesket si helse og trivsel.

Spesifikke læringsmål vil kunne variere avhengig av om siktemålet er av rein vitskapleg karakter eller om det har innslag av handlingskompetanse. Det blir lagt vekt på korleis og kvifor ulike forvaltningsstrategiar kan bidra til berekraftig bruk, bevaring/vern og tilbakeføring av natur og miljøressursar, eller korleis dette påverkar helseforvaltninga.

Det blir lagt stor vekt på at studentane arbeider kritisk og sjølvstendig. I særleg grad gjeld dette mastergradsoppgåva. Dei skal kunne forstå og vurdere kritisk informasjon, metodar og forskingsresultat. Studentane skal lære fleirfagleg samarbeid og kommunikasjon og korleis vitskapleg forsking og rapportering blir gjennomført.

Videre studiemuligheter

Mastergraden gir grunnlag for doktorgradsstudiar og vidare forskarutdanning.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Masterstudium i natur-, helse- og miljøvern
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
4301 Naturvitskaplege metodar 10,00 O 10      
4302 Genetikk 10,00 V 10      
4307 Anvendt mikrobiologi 10,00 V 10      
4311 Methods and Analysis of Wildlife and
Fish Stocks
10,00 V 10      
4502 Alpine Biodiversity and Climatic Change 10,00 V 10      
4308 Økotoksikologi 10,00 V   10    
4309 Biogeografi 10,00 V   10    
4313 Bioteknologi 10,00 V   10    
4315 Bioinformatikk 10,00 V   10    
4321 Samspill i kjemikalier og biologisk
skade
10,00 V   10    
4323 Vanntema 10,00 V 10      
5702 Geografisk analyse 10,00 V   10    
5704 Fjernanalyse 10,00 V   10    
4316 Særpensum 10,00 V   10    
4319 Rettleia oppgåve 20,00 V   20    
4317 Mastergradsoppgåve 60,00 O     30 30
Sum: 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne


Obligatoriske emne
4301 Naturvitenskapelige metodar er obligatorisk metodekurs for alle mastergradsstudentar i natur- helse- og miljøvern. Eit grunnlag i statistikk tilsvarande 10 sp er ein fordel. Dersom dette ikkje ligg inne i opptaksgrunnlaget, bør ein ta slike statistikkemne ekstra eller som del av mastergradsstudiet (sjå nedanfor Godkjenning av bacheloremne)

Valemne
Valemna i tabellen over gjeld for studieåret 2007/08.
Atterhald: For at eit valemne skal bli gjennomført må det vere tilstrekkeleg mange påmelde studentar. Dette blir vurdert for kvart einskild emne. Dersom det er for få påmelde kan eit valemne bli utsett til neste studieår. I spesielle høve kan eit valemne gå ut. Dette vil eventuelt skje i samråd med studentane og på ein slik måte at det faglege nivået blir oppretthalde.
Mastergradsemne frå andre institusjonar kan bli godkjent dersom dei er relevante. Ein vil oppmuntre til at studentane utnyttar ordningar som omfattar opphald ved utanlandske universitet og høgskolar, sjå våre utvekslingsavtalar: http://www.hit.no/english/af/administrasjon_boe/internasjonalt_kontor/studier_i_utlandet.
Det er høve til å ta einskilde valemne frå studiet Joint Master of Inland Water Quality Assessment, sjå omtale av studiet på våre heimesider (atterhald om godkjenning frå NOKUT).

Avgrensing på nokre emne
Einskilde emne har opptaksavgrensingar, t.d. 4307 Anvendt mikrobiologi, 4313 Bioteknologi og 4315 Bioinformatikk.

Godkjenning av bacheloremne
Inntil 10 studiepoeng med emne frå bachelornivå kan bli godkjent som del av mastergraden, dersom masteroppgåverettleiar tilrår dette for å styrke den faglege profilen knytt til oppgåva. Normalt gjeld slik godkjenning emne på 3. års bachelornivå. Vidare kan ikkje obligatoriske emne frå det bachelorstudiet som er grunnlag for opptaket, godkjennast.

Godkjenning av praksis (emnekode 4320)
Studentar som kan dokumentere relevant praksis, kan søke om å få dette godkjent med inntil 30 studiepoeng for minst eitt års arbeid mot grundig dokumentasjon og rapportering, eventuelt attest frå arbeidsgjevar. Med relevant praksis er meint arbeid som er direkte relevant for mastergradsoppgåva. Kva som er relevant, blir avgjort av rettleiar, som må vurdere innhald, omfang og kvalitet. Det er ei føresetnad at det er meir enn reint rutineprega arbeid.
Slik praksis må være avslutta og godkjent før innlevering av mastergradsoppgåva.

Oppbygginga av studiet er slik:

Obligatorisk del, 10 sp

Valfri del, 50 sp

Masteroppgåve, 60 sp*

*Det er høve til å gjennomføre ei masteroppgåve på 30 sp. (4318 Masteroppgåve) i staden for 60 sp. Den valfrie delen må da aukast til 80 sp., slik at fleire studiepoeng kan nyttast til fagleg breidde eller fordjuping.

Plan for mastergradsstudiet
For kvar student blir det sett opp ein plan på eige skjema tidleg i studiet. Denne definerer studiesamansetting, tema for mastergradsoppgåva og eventuelle andre forhold som gjeld for den enkelte student. Masterplanen blir skriven på eige skjema, som finst utlagt på instituttets heimeside. Den skal underskrivast av mastergradsstudent, hovudrettleiar, eventuelle andre rettleiarar og instituttleiar. Internettadr.: http://www.hit.no/main/af/natur_helse_miljoevern/studieinformasjon/skjema_for_masterplan_13_02_2006

Mastergradsoppgåver/framleggingar
Kvar student skal ha to framleggingar av mastergradsoppgåva i plenum for medstudentar og rettleiarar. Problemstillingar og framdriftsplan skal gjerast greie for tidleg i studiet, og mot slutten skal resultat og konklusjonar leggast fram.

Arbeids- og læringsformer

Praktisk undervisning
Studieprogrammet legg så langt mogleg stor vekt på laboratorie- og feltorientert undervisning. Det blir også sett krav til sjølvstendig arbeid frå studentane si side, idet undervisninga i utstrakt grad er basert på presentasjonar, oppgåveløysingar og problembasert læring.

Periodisert undervisning
Så langt mogleg blir undervisninga i dei enkelte emna basert på vekesmodular. Det gir ein meir fleksibel studiesituasjon for studentane i høve til oppgåvearbeid og eventuell kombinasjon med jobb. Ein tek sikte på at studiemateriell blir lagt ut på nettet med passordvern.

Fråvær
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/laboratoriekurset neste gongen det blir sett opp.

Vurderingsformer

Mastergradsemna får sjølvstendige karakterar som blir førte på vitnemålet. For vurderingskriteriar, sjå emneomtaler. Etter at mastergradsoppgåva er levert og vurdert, blir det halde munnleg sluttprøve knytt til oppgåva. Karakteren på mastergradsoppgåva blir justert ved den munnlege prøva, og ein samla karakter blir ført på vitnemålet.

Studentar som legg opp særpensum eller rettleia oppgåver, blir også eksaminert i desse under sluttprøva. For desse blir det gitt ein sjølvstendig karakter som blir ført på vitnemålet.

I tillegg til mastergradsoppgåva blir sluttprøvene for mastergradsemna evaluert individuelt ved ekstern sensor saman med rettleiar ved Institutt for natur-, helse- og miljøvernfag.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Anette N. Fredly <Anette.N.FredlySPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 16.12.2008