921 Tradisjonskunst, master
Målgruppe og opptakskrav
For å bli teken opp på mastergradstudiet må studentane ha bachelorgrad med åtti studiepoeng folkekunst eller folkemusikkutdanning i fagkrinsen. Ein kan også takast opp på masterstudiet med ein annan relevant bakgrunn, t.d. innan musikk eller formgjevingsfag. I slike tilfelle vil ein kunne krevje at studenten må setje seg inn i sentrale problemstillingar i tradisjonskunst, og for dei som ikkje kan vise til ein formell praktisk-estetisk kompetanse innan folkekunst eller folkemusikk, kan ein i heilt spesielle tilhøve ha ei særskild opptaksprøve.
Mål for studieprogrammet
Mastergradsstudiet har både eit utøvande og eit teoretisk siktemål:
- Gjennom sjølvstendig utøving i tradisjonskunst skal studenten erfare korleis utøving er ei viktig kjelde til kunnskap. Studiet gjev studenten mulighet for å utvikle seg som utøvar, og resultatet av den utøvande delen vil ha stor betydning for vurdering av mastergradsprosjektet som heilskap.
- Studiet skal gje studentane innsikt i tradisjonskunstens kulturelle bakgrunn. Dei skal lære å vurdere eigenarten i tradisjonskunst, og tenkje kritisk over korleis den blir teken vare på, brukt, vidareført, fornya og tolka i ulike miljø.
- Studenten skal også tileigne seg metodekompetanse som førebur ein til vidare forskingsarbeid.
Videre studiemuligheter
Den som fullfører mastergradstudiet vil få tittelen Masterkandidat i tradisjonskunst. Dei kandidatane som har praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg til mastergraden, får lektorkompetanse og kan gå inn i undervisning på ulike nivå i skoleverket. Mastergraden gjev eit godt grunnlag for ulike jobbar i media og kultursektoren, i private og offentlege kunst- og kulturinstitusjonar og konsulentverksemd av ulike slag. I tillegg må ein rekne med at mange av dei som tek utdanninga vil bruke den som grunnlag for å etablere seg som utøvarar i den kunsten dei har spesialisert seg, m.a. som kunsthandverkarar eller utøvande folkemusikarar.
Ein kan også halde fram med doktorgradsstudier etter fullført mastergrad.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligaotrisk emne
|
Det faglege innhaldet i mastergradsstudiet fell inn i to delar; den teoretiske fellesdelen og den individuelle praktisk-teoretiske delen : Mastergradsprosjektet m. forprosjekt
Den teoretiske fellesdelen
Ein vil få ei felles teoretisk innføring gjennom 3 hovudtema. Desse vil i nokon grad gripe inn i og overlappe kvarandre, men ein vil fokusere på heile den teoretiske fellesdelen ut frå tre perspektiv:
- Kunstteori og tradisjonskunst
- Kultur og identitet
- Tradisjon, kommunikasjon og vitskapsteori
Mastergradsprosjektet m. forprosjekt og prospekt
Studentane skal gjennomføre eit større prosjekt som inneheld ein utøvande del og ei skriftleg framstilling (teoretiske element). Dei ulike komponentane som inngår i prosjektet kan vere av ulikt omfang, men det er eit krav at den utøvande og teoretiske delane utgjer ein heilskap. I arbeidet sitt kan studenten leggje tyngdepunktet ulikt, t.d på dokumentasjon, teori knytt til kunst, kultur, tradisjon, utøving eller formidling. Ein vil ikkje kunne få godkjent eit prosjekt der den utøvande sida ikkje er tydeleg til stades, eller eit prosjekt som ikkje har teoretisk innslag.
Arbeidet med mastergradsprosjektet startar opp allereie i andre semesteret med forprosjektet . Dette omfattar tre obligatoriske seminar med fokus på m.a. metode og gjennomføringsplan. Det avsluttande prospektet må vere godkjend før studenten kan få klarsignal for emne og opplegg til det avsluttande mastergradsprosjektet.
Arbeids- og læringsformer
Den teoretiske fellesdelen:
Det vil bli førelesingar og seminar både med faste lærarar og gjesteførelesarar. Vanlegvis er undervisninga konsentrert til tirsdag, onsdag og torsdag. Nokre av undervisnings-øktene kvart semester blir fagseminar som også inneheld praktisk utøvande workshops. Det vil bli gjeve oppgåver og informasjon undervegs.
Forprosjektet og mastergradsprosjektet:
Forprosjektet og arbeidet med mastergradsprosjektet er organisert som seminarundervisning og studentane får individuell rettleiing. Arbeidet med forprosjektet er lagt opp som ein prosess der ein førebur seg til mastergradsprosjektet.
Vurderingsformer
Masterstudiet i tradisjonskunst gjev 120 stp. I den teoretiske fellesdelen (30stp) er det ein skriftleg eksamen på 6 timar, og ei obligatorisk innlevering midt i semesteret.
Forprosjektet omfattar tre obligatoriske seminar med eit avsluttande prospekt i andre semester. Dei tre presentasjonane og prospektet i 2.semester utgjer 30 stp. Det vil bli gjeve karakteren ”bestått” eller ”ikkje bestått”. Prospektet skal vere bestått før ein kan gå vidare med masterprosjektet i det 3 semesteret.
Mastergradsprosjektet (60 stp) har ein todelt eksamen, ein kombinasjon av utøving og teori. Ein får difor to komponentar å vurdere:
1) Utøving: Ein utøvande og formidlande del. Denne delen kan framførast levande eller dokumenterast med t.d. kommenterte video, DVD, lydopptak, bilete, utstillingar og konsertar mm.
2) Teori: Skriftleg del.
Det er mogleg for studentane å vekte den utøvande delen og den skriftlege / teoretiske delen ulikt. Ein kan godkjenne at den eine komponenten vert vektlagt meir enn den andre om problemstillinga i prosjektet tilseier det.Det ideelle er ei vekting på 50%-50%. Vektinga vert fastsett av rettleiarar i samråd med studenten i siste fase av rettleiingsprosessen. Om det er ei oppgåve med eit utøvande siktemål, vil karakteren for utøving ha størst vekting, og motsatt, om det teoretiske perspektivet har størst verdi for oppgåva sin heilskap. Det er likevel viktig for vurderinga at den praktiske og teoretiske komponenten i prosjektet utgjer ein heilskap.
Mastergradsprosjektet skal avsluttast med ein munnleg eksamen, der studenten blir eksaminert i både dei utøvande og teoretiske komponentane.
Den munnlege eksamen kan verke inn på delkarakterane. På grunnlag av vurderinga av utøvande del og teoretisk del i mastergradsprosjektet, og resultatet frå munnleg eksamen, vil samla karakter for mastergradsprosjektet bli utrekna og fastsett av sensor.
Vitnemål for mastergradsstudiet vil sjå slik ut:
- Skriftleg eksamen i teoretisk fellesdel – karakter 25% av hovudkarakter
- Forprosjekt – bestått / ikkje bestått
- Mastergradsprosjekt – karakter 75% av hovudkarakter
- Utøvande del - delkarakter
- Skriftleg / teoretisk del - delkarakter
Munnleg eksamen – ingen karakter (vert ikkje ført på vitnemålet).
Karakter for mastergradsprosjektet dannar grunnlaget for 75% av hovudkarakter.
Det blir gjeve karakterar etter karakterskalaen frå A til F (A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått. )
Dersom studenten består alle prøvene vil han / ho til slutt få ein hovudkarakter på skalaen frå A til E. Kvart delemne må vere bestått for at hovudemnet skal vere bestått. Ein viser dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter bodil akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 26.08.2010