605 Natur og miljø, årsstudium

Innledning

Kombinasjonen av naturkunnskap med naturoppleving er eit felt som er i stadig utvikling. Dette studiet vil vere eit kunnskapsrikt år der ein får teoretisk og praktisk erfaring innanfor viktige felt som biologi, geologi og klima. Kunnskap om ulike artar, biologiske- og geologiske prosessar og ferdigheiter innan jakt og fiske vil gi studentane ei brei innføring i naturkunnskap.

Målgruppe og opptakskrav

Studiet passar for studentar med interesse for natur, miljø og friluftsliv, og det kan gå inn som del av bachelorstudium, for eksempel saman med studium retta mot arbeid med forvaltning og formidling om miljø og naturopplevingar.

Opptakskrav er generell studiekompetanse

Mål for studieprogrammet

Studiet er ei tverrfagleg utdanning som tek sikte på å formidle forståing for naturgrunnlaget for miljø og friluftsliv og mennesket sin plass i naturen. Det blir lagt vekt på at kunnskap om levande organismar og prosessar i naturen skal auke opplevinga av og interessa for å ferdast ute og vidare å kunne formidle dette til andre. Studiet er ei tverrfagleg utdanning som skal gi studentane grunnlag for eit aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet, og formidle ulike verdisyn i samband med dette. Dette årsstudiet skal danne fagleg grunnlag for vidare studium på bachelornivå og mastergradsnivå.

Læringsutbytte

Etter fullført årsstudium skal studentane ha følgjande læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • Kunnskap om vanlege plante- og dyreartar i norsk natur og viktige biologiske prosessar.
  • Kjennskap til geologiske prosessar og korleis desse prosessane har forma landskapet
  • Kjennskap til ulike faktorar som kan påverke klimaet
  • Kjennskap til miljøproblem forårsaka av antropogene utslepp til atmosfæren
  • Etikk og vitskapsteori

Ferdigheiter:

  • Praktiske ferdigheiter innan jakt og fiske
  • Praktisk ferdigheit innan botanikk og generell artslære

Generell kompetanse:

Kunne formidle sentralt fagstoff, ulike verdisyn og erfaringar skriftleg og munnleg, både til allmenta og innanfor faglege samanhengar

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Årsstudium i natur og miljø
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
4011 Biologi og miljø 1 10,00 O 10  
4006 Klima, energi og miljø 10,00 O 10  
4100 Matematikk for økologar 10,00 V 10  
4008 Friluftsliv, jakt og fiske 10,00 V 10  
4012 Biologi og miljø 2 10,00 O   10
4010 Menneske og natursyn 10,00 O   10
4009 Geologi og landskap 10,00 O   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne


Inkludert i emnet 4012 Biologi og miljø 2 er lagt 5sp vitskapsteori og metode og i emnet 4010 Menneske og natursyn er lagt inn 5sp i etikkrelaterte emner.

Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om klima, geologi, biologi og økologi. Alle kursa består av 10 studiepoeng. Delar av studiet kan inngå i ei grunnskolelærarutdanning (atterhald om ulike krav i ulike lærarutdanningsinstitusjonar). Delar av studiet kan kvalifisere for undervisning i videregåande skule i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning.

Internasjonalisering

Det finst samarbeidsavtaler og finansieringsordningar for dette, som studentane bør gjere seg kjent med. Meir informasjon: http://www.hit.no/nor/HiT/AA-studere-ved-HiT/AA-studere-i-utlandet/Utveksling-fra-HiT/Hvor-kan-jeg-reise/HiTs-avtalepartnere

Arbeids- og læringsformer

Studentane blir følgt opp under heile studieløpet med arbeids- og læringsformer som inkluderer felt- og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og læringsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalane.

Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det blir sett opp.

Forholdet mellom teori/praksis

Kombinasjonen teori og praksis er sentralt gjennom heile studiet.

Vurderingsformer

I dei fleste emna vil det vere både undervegsvurdering og sluttvurdering.
For mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalane.

Det blir teke atterhald om mindre justeringar i planen.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Mona Sæbø <Mona.saboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 03.10.2012