2424 Norsk 2, trinn 5-10, nettbasert, bachelor

Innledning

Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng.

I Norsk 2 skal studenten få utvida forskingsbasert innsikt i norsk språk, tekstkunnskap og fagdidaktikk. Det historiske perspektivet på norskfaget og det norske språket vil bli særleg framheva. Studenten vil få innsikt i korleis det norske språket har endra seg gjennom tidene, og slektsskapet til dei andre nordiske språka. Studiet vil og gi forskingsbasert innsikt i teoriar om lesing og skriving, særleg retta mot den andre lese- og skriveopplæringa.

Felles for tredje og fjerde modul er fokuset på språk og tekst i fortid og samtid. Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at undervisninga vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal lese vitskaplege tekstar og skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).

I norsk 2-studiet stiller vi krav til studenten om å skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.

Målgruppe og opptakskrav

Målgruppa er lærarar som ønskjer vidareutdanning i norsk språk og litteratur. Norsk 2 byggjer på Norsk 1 eller tilsvarande.

Mål for studieprogrammet

Studiet skal førebu studentane fagleg og didaktisk til å undervise i norsk på mellom- og ungdomstrinnet. Norsk 2 bygger på Norsk 1 og gir rom for ein større grad av fagleg fordjuping i språkopplæring og fagdidaktikk. I emnet NOR 503 er det historiske perspektivet sentralt, både når det gjeld språklege og litterære emne. Dei språklege emna er knytte til både notid og fortid, t.d. språkhistorie, ungdomsspråk og sidemålsdidaktikk. Studenten skal også lese både eldre og nyare skjønnlitteratur, essay og sakprosa, av og til med eit komparativt blikk på nordisk og internasjonal litteratur, og med eit kritisk blikk på kanonspørsmålet. I emnet NOR 504 vil det vere ei fordjuping av dei emna som har blitt behandla i dei tidlegare modulane. Studentane skal arbeide meir teoretisk med litteratur og med problematiseringar omkring bruk av eldre litteratur i skulen. Emne knytt til ungdom og lesing blir tatt opp, med vekt på drøfting av lesedidaktikk. I dette emnet skal studentane også møte norskfagets historie, og dei skal få ei djupare innsikt i språkdidaktiske spørsmål. I tillegg til dei felles temaa i emnet skal studentane velje anten språkleg eller litterær fordjuping med eit sjølvvald fordjupingspensum.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet er presist omtalt i emneplanane for NOR 503 og NOR 504.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Obligatorsike emner:
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
NOR 503 Norsk 2 - Språk og litteratur i eit
historisk perspektiv
15,00 O            
NOR 504 Norsk 2 - Norskfagleg fordjuping 15,00 O            
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Norsk 2 består av to emne som utgjer kvar sin modul: NOR 503 og NOR 504, kvar på 15 studiepoeng.

Arbeids- og læringsformer

Arbeidet i studiet blir organisert på ulike måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper og oppgåveskriving. Det blir opplyst i semesterplanen om noko er obligatorisk. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga består av obligatoriske arbeidskrav som blir fastsette i semesterplanen. Desse arbeidskrava må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Som sluttvurdering i emnet NOR 503 blir kandidaten prøvd i ein skriftleg, individuell skoleeksamen på 6 timar, der målforma er nynorsk. Ingen hjelpemiddel er tillatne under eksamen, heller ikkje ordliste. Det blir gitt éin karakter gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.

Som sluttvurdering i emnet NOR 504 blir kandidaten prøvd i både ein munnleg eksamen og ein skriftleg heimeeksamen der målforma er valfri. Kandidaten får éin samla karakter i denne modulen, gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Heimeeksamenen tel 60 %, den munnlege eksamenen tel 40 %.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Nina Holmberg Lurås <Nina.LurasSPAMFILTER@hit.no>,Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 15.05.2015