861 Natur-, helse- og miljøvern - spesielt tilrettelagt for lærere, master
Innledning
Det krevjast kunnskap på høgt nivå for å forvalte naturen rundt oss og miljøet vi lever i, på best mogleg måte. Vi står ovanfor mange utfordringar som påverkar alt levande på jorda frå makro- til mikronivå. Fagkunnskap om vatn, jord, organismar og biologiske prosessar er avgjerande. Vi meiner også at tverrfagleg tenking gir auka forståing og ønskjer at studentane skal ha ein brei fagleg bakgrunn. I tillegg treng ein innsikt i vitskaplege metodar og erfaring med bruk av statistiske reiskapar og GIS slik at forskinga held ein høg standard.
Målgruppe og opptakskrav
Mastergradsstudiet er særleg retta mot lærere med fagleg bakgrunn innan natur-, helse- og miljøvernfag, realfag, eller anna relevant utdanning. Undervisninga er lagt opp slik at det også er mogleg å gjennomføre studiet på deltid. Personar med anna naturfagleg bakgrunn enn lærarutdanning kan dette studiet med sikte på arbeidsoppgåver som naturfaglærar i videregåande skule, dersom praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) blir lagt inn. Dette kan ein gjere ved å leggje inn 30 studiepoeng pedagogikk i bachelorstudiet og 30 studiepoeng fagdidaktikk i mastergradsstudiet.
Mastergradsstudiet gir yrkeskompetanse for lektor i skulen og saman med vitskapleg produksjon også for høgskulelektor.
Opptakskrav
For opptak til mastergradsstudiet er det krav om lærarutdanning som inkluderer 60 studiepoeng innan relevante naturfag/miljøfag. Ved opptak blir det lagt vekt på relevant fagleg bakgrunn i høve til aktuell rettleiarkompetanse. Karakterkrav er snitt på C. Unntak mogleg etter individuell vurdering. Eventuell relevant yrkespraksis kan og bli vurdert i tillegg til utdanningsbakgrunn.
Mål for studieprogrammet
Siktemålet med mastergradsstudiet er å gi studentane gode fleirfaglege kunnskapar om natur, helse og/eller miljø ved at dei får høve til fagleg fordjuping i korleis samspel og prosessar i naturen verkar og mennesket sin plass i dette bildet. Formidlig av naturfagleg kunnskap i skulen vil stå sentralt i arbeidet med masteroppgåva.
Vi ønskjer å utdanne kandidatar med gode fleirfaglege kunnskapar om natur, helse og miljø, med spesielt fokus på terrestriske og akvatiske problemstillingar, både naturlege og som følgje av menneskeskapte påverknader. Studentane har også moglegheit til å fordjupe seg innan miljø og human helse.
Spesifikke læringsmål vil vere trening i innsamling av relevant informasjon (allereie publiserte arbeid eller data produsert av studentane sjølve ved lab.arbeid, prøvetaking, etc), systematisering og publisering av dette på ein vitskapleg korrekt måte.
Det blir lagt stor vekt på at studentane arbeider kritisk og sjølvstendig. I særleg grad gjeld dette mastergradsoppgåva. Dei skal kunne forstå og kritisk vurdere informasjon, metodar og forskingsresultat. Studentane skal lære fleirfagleg samarbeid og kommunikasjon og korleis vitskapleg forsking og rapportering blir gjennomført.
Vidare studiemoglegheitar er PhD innan ulike natur -, miljø- eller helsefagleg retningar eller anna vidare forskarutdanning.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført Natur-, helse- og miljøvern master skal ha følgjande læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- Avansert kunnskap innan dei aktuelle fagområda som botanikk, zoologi, mikrobiologi, genetikk, bioteknologi, økotoksikologi, geologi, jord- og hydrogeologi eller limnologi.
- Inngående kunnskap om utvalgte temaer, prosesser og mekanismer knyttet til sentrale miljøfaktorer og deres effekter (se emneomtaler)
- Kunne analysere faglige problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets tradisjon
Ferdigheiter:
- Kunne anvende sin faglige kompetanse til å treffe begrunnede valg /beslutningar i teoretiske og praktiske problemstillinger innen aktuelle fagområder.
- Ha evne til å reflektere over egne faglige beslutningar og justere seg ved behov
- Kunne finne, vurdere og henvise til faglig informasjon og framstille dette skriftlig og munnleg
- Kunne bruke relevant offentlig regelverk i forvaltningsoppgåver, planlegging og konsekvensutredninger
- Kunne gjennomføre et sjølvstendig, avgrenset forsknings eller utviklingsprosjekt under veileding
- Kunne gjøre bruk av GIS
Generell kompetanse:
- Kunne anvende sine kunnskaper og ferdigheter på nye områder
- Kunne formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske fagområdets uttrykksformer
- Kunne bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Mastergradsstudium i natur-, helse- og miljøvern, tilrettelagt for lærere
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Obligatoriske emne
Valemne
Avgrensing av nokre emne
Godkjenning av bacheloremne
Godkjenning av praksis (emnekode 4320)
Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Internasjonalisering |
Dette studieprogrammet er utvikla i samarbeid med Avdeling for allmennvitskaplege fag i Bø og Estetiske fag, Folkekultur og Lærerutdanning på Notodden, og kan bli gjennomført i samarbeid med fagleg tilsette der.
Oppbygginga av studiet er slik:
Obligatorisk del, 10 sp |
Valfri del, 50 sp |
Masteroppgåve, 60 sp* |
*Det er høve til å gjennomføre ei masteroppgåve på 30 sp. (4318 Masteroppgåve) i staden for 60 sp. Den valfrie delen må da aukast frå 50 til 80 sp, slik at fleire studiepoeng kan nyttast til fagleg breidde eller fordjuping.
Plan for mastergradsstudiet
For kvar student blir det sett opp ein masterplan tidleg i studiet. Denne definerer studiesamansetting, tema for mastergradsoppgåva og eventuelle andre forhold som gjeld for den enkelte student. Masterplanen blir skriven på eige skjema, og underskrivast av mastergradsstudent, hovudrettleiar, eventuelle andre rettleiarar og instituttleiar.
Mastergradsoppgåver/framleggingar
Kvar student skal ha to framleggingar av mastergradsoppgåva i plenum for medstudentar og rettleiarar. Problemstillignar og framdriftsplan skal gjerast greie for tidleg i studiet, og mot slutten skal resultat og konklusjonar leggjast fram.
Internasjonalisering
Innanfor studieprogrammet er det mogleg å ta 30 studiepoeng (eitt semester) ved utdanningsinstitusjonar utanfor Noreg. Det finst samarbeidsavtaler og finansieringsordningar for dette (for eksempel Erasmus og Nordpluss), som studentane bør gjere seg kjent med. Meir informasjon: http://www.hit.no/nor/HiT/AA-studere-ved-HiT/AA-studere-i-utlandet/Utveksling-fra-HiT/Hvor-kan-jeg-reise/HiTs-avtalepartnere NB! Ved mange av institusjonane er det eit karakterkrav for å bli godtatt som student.
Arbeids- og læringsformer
Praktisk undervisning
Studieprogrammet legg så langt mogleg stor vekt på laboratorie- og feltorientert undervisning. Det blir også sett krav til sjølvstendig arbeid frå studentane si side, da undervisninga i utstrakt grad er basert på presentasjonar, oppgåveløysingar og problembasert læring.
Periodisert undervisning
Så langt mogleg blir undervisninga i dei enkelte emna basert på vekesmodular. Det gir ein meir fleksibel studiesituasjon for studentane i høve til oppgåvearbeid og eventuell kombinasjon med jobb. Ein tek sikte på at studiemateriell blir lagt ut på nettet med passordvern.
Fråvær
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/laboratoriekurset neste gongen det blir sett opp.
Fråvær
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/lab.kurset neste gongen det blir sett opp.
Forholdet mellom teori/praksis
Kombinasjonen teori og praksis er sentral gjennom heile studiet. Dette gjer at studentane får både den kunnskapen og dei nødvendige erfaringane som skal til for å vere førebudde til arbeidslivet eller vidare studium. Mengdeforholdet mellom teori og praksis varierer (sjå emneomtaler).
Vurderingsformer
Mastergradsemna får sjølvstendige karakterar som blir førte på vitnemålet. De fleste emner har en slutteksamen. Mange emner har også en underveisvurdering i form av praktisk prøve eller skriftlig prøve. I mange emner vil også semesteroppgaver, feltrapporter og/eller labrapporter være en del av vurderingen. Kombinasjonen av disse vurderingsformene vil til sammen sikre vurderingen av de kunnskapene, erfaringene og ferdighetene som studentene skal ha etter endt masterløp. Aktuelle vurderingsformer for hvert emne går fram av emneomtalene.
Det inngår også to munnlege presentasjonar i masterløpet (progress 1 og 2). Her skal studentane legge frem oppgåvene sine i eit fora som består av fagleg personal og masterstudentar.
Etter at mastergradsoppgåva er levert og vurdert, blir det halde munnleg sluttprøve knytt til oppgåva. Karakteren på mastergradsoppgåva blir justert ved den munnlege prøva, og ein samla karakter blir ført på vitnemålet.
Studentar som legg opp særpensum blir eksaminert i dette under sluttprøva. For desse blir det gitt ein sjølvstendig karakter som blir ført på vitnemålet.
I tillegg til mastergradsoppgåva blir sluttprøvene for mastergradsemna evaluert individuelt ved ekstern sensor saman med rettleiar ved Institutt for natur-, helse- og miljøvernfag.
Det blir teke atterhald om mindre justeringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Mona Sæbø <mona.saboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 16.02.2012