481 Historiske fag, bachelor

Målgruppe og opptakskrav

Studiet egnar seg for alle som interesserer seg for dei historiske føresetnadene for at dagens samfunn er som dei er. Desse føresetnadene kan sporast attende til ulike samfunn og kulturar, og bachelorstudiet gir høve til å sjå på fortida frå mange ulike synsstader og legge vekt på ulike tema og tidsperioder. Studiet omfattar to hovudretningar, ein allmennhistorisk og ein idéhistorisk. Sjå nærare om emneval nedanfor.

Mål for studieprogrammet

BA i historiske fag gjev ei inngåande forståing av samfunn, kultur og tenkning i eit historisk perspektiv. Utdanninga kan brukast på mange arbeidsområde, som undervisning, journalistikk/massemedia, kulturverksemd, museums- arkivarbeid og saksbehandling innan offentleg og privat administrasjon. Studiet gjev høve til fordjupingar på 80 studiepoeng eller meir i anten historie eller idéhistorie.

Videre studiemuligheter

Fordjupinga/ne i historie/idéhistorie gjev etter nærare reglar undervisningskompetanse i faga. For dei som tenkjer seg å bruke utdanninga i skolen, rår ein til å kombinere fordjupinga med ei 60 studiepoengseining i eit anna skolefag. Dei må ha praktisk pedagogisk utdanning i tillegg. Ein kan nytte ein BA i historiske fag som grunnlag for MA i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark. Likeeins kan ein normalt byggje på graden ved overgang til MA-studium ved andre høgskolar og universitet.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


BA historiske fag med fordjuping i historie, eksempel på samansetjing av emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
3502 Oversyn over verdshistoria etter 1750 10,00 O 10          
3501 Oversyn over verdshistoria før 1750 10,00 O 10          
3524 Examen Philosophicum 10,00 V 10   10   10  
3505 Oversyn over norsk historie etter 1800 10,00 O   10        
3504 Oversyn over norsk historie før 1800 10,00 O   10        
3525 Examen Facultatum 10,00 V   10   10   10
3503 Valemne i verdshistorie 10,00 O     10      
3508 Nordisk historie oversyn 10,00 V         10  
3511 Nordisk politisk kultur og 'den nordiske
modellen'. Tida etter ca midten av
1800-talet
10,00 V         10  
3509 Politisk kultur, normer og sosial
kontroll i Norden 1500-1800
10,00 V         10  
3506 Fordjupingsemne i norsk historie 10,00 O       10    
3354 Natur, kultur og menneske - natur og
menneskesyn gjennom tidene
10,00 V       10    
3355 Tankar om kunsten - estetiske idear si
historie
10,00 V       10    
3351 Innføring i idéhistorie 20,00 V     20      
3356 Opplysningstida 10,00 V         10  
3352 Norsk idéhistorie 10,00 V           10
3353 Menneske, samfunn og stat - politiske
idear si historie
10,00 V           10
3360 Menneskerettigheter i idéhistorisk og
historisk perspektiv
10,00 V           10
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

BA i historiske fag med fordjuping i idéhistorie, eksempel på samansetjing av emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
3351 Innføring i idéhistorie 20,00 O 20          
3524 Examen Philosophicum 10,00 V 10   10   10  
3352 Norsk idéhistorie 10,00 O   10        
3525 Examen Facultatum 10,00 V   10   10   10
3353 Menneske, samfunn og stat - politiske
idear si historie
10,00 V   10        
3354 Natur, kultur og menneske - natur og
menneskesyn gjennom tidene
10,00 V   10        
3501 Oversyn over verdshistoria før 1750 10,00 V     10      
3502 Oversyn over verdshistoria etter 1750 10,00 V     10      
2021 British Romanticism 10,00 V     10      
2108 Ibsen og det moderne gjennombrotet 10,00 V     10      
2107 Folkedikting og folkekultur 10,00 V       10    
3358 Modernitet og kulturkritikk 10,00 V       10    
3504 Oversyn over norsk historie før 1800 10,00 V       10    
3505 Oversyn over norsk historie etter 1800 10,00 V       10    
2113 Litteratur før 1900 15,00 V         10  
3356 Opplysningstida 10,00 V           10
3355 Tankar om kunsten - estetiske idear si
historie
10,00 V           10
2114 Litteratur etter 1900 15,00 V           10
3360 Menneskerettigheter i idéhistorisk og
historisk perspektiv
10,00 V           10
3508 Nordisk historie oversyn 10,00 V         10  
3511 Nordisk politisk kultur og 'den nordiske
modellen'. Tida etter ca midten av
1800-talet
10,00 V         10  
3509 Politisk kultur, normer og sosial
kontroll i Norden 1500-1800
10,00 V         10  
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Ein rår til at ex.phil og ex.fac blir tatt i løpet av dei første tre semestra.

Val av fordjuping i historie: Minst 80 av dei 180 studiepoenga skal bestå av emne innan historie, 20 studiepoeng skal vere examen philosophicum og examen facultatum (10 studiepoeng kvar). Etter ønskje kan ein utvide historieemna til 90 studiepoeng. Dei resterande 80 (eller 70) studiepoenga kan veljast innanfor idéhistoriske emne, emne frå norskstudiet, engelskstudiet eller andre emne ved instituttet.

Val av fordjuping i idéhistorie: Minst 80 av dei 180 studiepoenga skal bestå av emne innan indéhistorie, 20 studiepoeng skal vere examen philosophicum og examen facultatum (10 studiepoeng kvar). Etter ønskje kan ein utvide idéhistorieemna til inntil 90 studiepoeng. Ein vil rå til at at minst 20 studiepoeng er historiske oversynsemne, men ein kan også velje å ta alle 80 studiepoenga innafor historiefaget eller emne frå norskstudiet, engelskstudiet eller andre emne ved instituttet.

Ein gjer merksam på at ein kan ta dei einskilde studieemna i anna rekkjefølge enn slik det er vist i tabellen.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga blir gitt som forelesingar og seminar. I seminara blir pensum meir inngåande drøfta. Det kan vere krav om innlevering av individuelle skriftlege semesteroppgåver/arbeidskrav med obligatorisk rettleiing eller andre krav om deltaking.

Sjå elles omtale under 501 Historie årsstudium og 400 Idéhistorie årsstudium

Vurderingsformer

Alle kurs blir avslutta med skriftleg eksamen. For å kunne gå opp til avsluttande skriftleg eksamen må studentane ha levert semesteroppgåver og eventuelle andre obligatoriske krav innan fastsett dato. Sjå elles nærare opplysningar under kvart einskild emne.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 28.03.2007