622 Engelsk, årsstudium, samlings- og nettbasert

Innledning

Engelsk er både eit reiskapsfag og eit såkalla danningsfag, og årsstudiet skal gje kunnskap og innsikt i båe desse dimensjonane. Alt tyder på at behovet for engelskkunnskapar berre vil auke i åra framover. For svært mange vil dette innebere eit krav om å meistre språket munnleg og skriftleg på eit nivå som er tilfredsstillande også i jobbsamanheng. I tillegg er engelsk i forskjellige variantar i aukande bruk i stadig nye delar av verda. Dette stiller krav til auka kunnskap om språket og bruken av det i samanhengar som er i konstant endring. Samtidig vert det stilt krav til kunnskap om og forståing av engelskspråkleg kultur og historie, med særleg basis i Storbritannia og USA. Difor er årsstudiet i engelsk sett saman av emne som til saman skal gje brei kunnskap om og forståing av dei språklege og kulturelle aspekta ved faget. Studiet skal styrke studentane si evne til å reflektere kritisk omkring den engelskspråklege verda si rolle og betyding i global samanheng.

Høgskolen i Telemark samarbeider med andre høgskular og universitet om Det norske studiesenteret i York, og studentane vil få tilbod om eit opphald i England på to veker. Dette kan sjåast som ein del av opplæringa i praktisk språk, og av studiet innan britisk litteratur og samfunnstilhøve.

Målgruppe og opptakskrav

Opptakskrav er generell studiekompetanse. Målgruppa er alle søkjarar som ynskjer seg ein god grunnleggjande kompetanse innan engelsk, anten til bruk i undervisning eller i anna arbeid som krev gode engelskkunnskapar. Studiet tek utgangspunkt i forkunnskapar tilsvarande programfag i engelsk på vidaregåande skule, med karakteren 4 som eit tilrådd minimum.

Mål for studieprogrammet

Studiet gjev innsikt i det engelske språket sin bruk og struktur, og i engelskspråkleg litteratur og kultur i den engelsktalande verda frå renessansen fram til i dag. Det blir lagd særleg vekt på Storbritannia og USA.

Årsstudiet i engelsk er eit grunnstudium som kan kombinerast med andre studium og emne i ein bachelorgrad i språk og litteratur ved Høgskolen i Telemark, eller med andre studium ved andre høgskular og/eller universitet.

Engelsk er eit sentralt skulefag og kan nyttast i ei lærarutdanning sett saman av fagstudium pluss PPU. Årsstudiet vil elles gje eit godt grunnlag for arbeid i yrke der det vert stilt kompetansekrav innan engelsk, som i reiselivsbransjen, presse, internasjonalt arbeid, forlagsverksemd og ulike oppgåver i næringslivet og offentleg forvalting.

Læringsutbytte

Studenten skal ved fullført studium ha desse læringsutbytta:

Kunnskap:

  • Ha godt oversyn over hovudtrekka i engelsk grammatikk og det engelske lydsystemet.
  • Reflektere over tilhøvet mellom språkleg form og språkleg innhald.
  • Ha godt oversyn over hovudtrekka i britisk og amerikansk litteratur og kultur frå 1600 til i dag.
  • Ha grunnleggjande kunnskap om rolla til engelsk språk, litteratur og kultur på verdsbasis.

Dugleikar:

  • Tenke analytisk om språk og språklege verkemiddel.
  • Analysere og kritisere litterære tekstar.
  • Uttrykke seg skriftleg og munnleg på korrekt og idiomatisk engelsk.
  • Forstå ulike språklege variantar og stilnivå.
  • Forstå kulturforskjellar innan den engelskspråklege verda.

Kompetanse:

  • Evne til å bruke engelsk som eit effektivt kommunikasjonsmiddel i skrift og tale.
  • Evne til å nytte tillærd engelskkunnskap i nye samanhengar.
  • Evne til å vidareformidle kunnskapen om engelsk språk, kultur og litteratur.
  • Kunne jamføre kultur i den engelsktalande verda med vår eigen kultur.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning



Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
2009N The Contemporary English-Speaking World 10,00 O 10      
2011N Essay Writing 5,00 O 5      
2008N American Literature and Culture
1600-1980
10,00 O   10    
2013N The Sounds of English 10,00 O   10    
2010N Practical English 5,00 O     5  
2012N English Grammar 10,00 O     10  
2007N British Literature and Culture
1600–1980
10,00 O       10
Sum: 15 20 15 10
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet går på deltid og er delt i fire semester. Det er sett saman av sju emne, fem på 10 studiepoeng og to på 5 studiepoeng. Merk at andre semester inneheld 10 studiepoeng, medan fjerde semester inneheld 20 studiepoeng.

Internasjonalisering

Institutt for kultur- og humanistiske fag har ei rekkje utvekslingsavtaler med utanlandske institusjonar, inkludert tilbydarar av emne innan engelsk språk, litteratur og kultur. Ta kontakt med instituttkonsulenten, og sjå elles studieplan for bachelor i språk og litteratur.

Arbeids- og læringsformer

Studiet er samlings- og nettbasert. Det krev stor grad av sjølvstende og eigenaktivitet, under rettleiing og i kontakt med forelesarar og medstudentar. Det blir to samlingar per semester i Bø, kvar på to eller tre dagar avhengig av semester. Det blir jamleg lagt ut undervisningsstoff på nettet, i form av forelesingar, Powerpoint-presentasjonar og lydfiler, samt oppgåver og anna materiale. Gruppesamtalar med faglærar på internett vert tilbydd i ulik grad på dei ulike emna, og det same gjeld spørsmålsforum på Fronter.

Forventa arbeidsomfang for studentar ved Høgskolen i Telemark er 1.600 timar pr. 60 studiepoeng, og ca 27 timar pr studiepoeng. Fordelinga av venta arbeidsomfang på dei ulike læringsaktivitetane skal gjerast synleg.

Vurderingsformer

Vurderingsformene veksler mellom heimeoppgåver og skriftlege eller munnlege skuleeksamenar. Sjå emneomtalene for detaljar.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Øystein I. Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 24.11.2014